|
Villsausanking på Lurekalven i januar og mars !
Kvifor
i alle dagar gjer vi dette ?
Det
er Bioforsk Fureneset med Samson Øpstad i spissen som
står for sankinga.
Dei
gjennomfører eit stort forskingsprosjekt på
Villsau
( utegangarsau) som går på lyngbeite heile året
utan tilleggsfor.
Lygra
er eit av hovedområda for prosjektet.
Vi
tek ein prat med Samson Øpstad - Sausanking no i
januar - ikkje akkurat rette tida, kvifor gjer de dette no
?
Det
er for å skaffa oss kunnskap om korleis utegangarsauen
kan livnærer seg på lyngheibeite heile året, og om
dette er dyreetisk forsvarleg.
Hovudmålet
er å skaffe fram nødvendig kunnskap om økologi,
dyrehelse og –velferd, og økonomi for å kunne gi
hald av utegangarsau langs norskekysten ei berekraftig næringsutvikling.
| Prosjektfakta |
|
Tittel: Utegangarsau i kystlynghei -
lokal næringsutvikling i eit sårbart
kulturlandskap
Målsetting
Hovudmålet er å skaffe fram nødvendig
kunnskap om økologi, dyrehelse og –velferd, og
økonomi for å kunne gi hald av utegangarsau
langs norskekysten ei berekraftig næringsutvikling.
Organisering
Prosjektet ligg under Noregs Forskingsråd sitt
forskingsprogram: Areal- og naturbasert næringsutvikling
(AREAL). Prosjektet er av søknadstypen:
kompetanseprosjekt med brukarmedverknad (KMB).
Prosjektet er tverrfagleg og skal gå over fire år
(2007-2010). Prosjektet har følgjande utøvande
samarbeidspartar:
Bioforsk
NILF (Norsk Institutt for landbruksforskning)
UiB (Universitetet i Bergen)
NVH (Norges veterinærhøgskole)
UMB (Universitetet for miljø- og biovitenskap)
Fatland AS
Utover dette har prosjektet ei referansegruppe.
Bioforsk har prosjektleiinga.
Prosjektet vert støtta regionalt av FMLA,
Fylkeskommunane, kommunar og landbruksnæringa i
kystkommunane.
Formidlingsdelen mot landbruksnæring, landbruks-
og miljøforvaltning og ålmenta vert ivareteken
gjennom samarbeid og delfinansiering frå Statens
landbruksforvaltning.
|
|
Frå
Sauesankinga på Lurekalven i januar 2009

Ikkje
nok med at de sankar oss 
og
så skal de vega oss også !
Foto
tatt av Signe Førre - som går i 9 klasse
på Voss ungdomsskule og hadde arbeidsveke
på Luregarden i januar 09.
Bilete frå sankinga 9 mars 09
|