Opningstider 2010

   Kva skjer ?

   Kart og transport

    Kontakt oss

    Startside

                                

Undervisning - ungdomsskulen  

 For ein skuleklasse frå ungdomstrinnet tek dagen til med film og utstilling. 
Deretter går vi ut på tur og er med på ulike aktivitetar på den kulturhistoriske garden og/eller i utmarka. 
Turane går ut i lyngheia og ned til fjøra. Her får elevane vere med på skjøtselsarbeid og oppleva dei mange kulturminna i landskapet. Midt på dagen tek vi matpause.

Det er mange tema knytt til eit besøk på Lygra som høver godt for prosjektarbeid. Vi kan hjelpe til med spesiell litteratur for fleire av temaene nemnt nedanfor. 

 Dersom det er spesielle tema klassen vil ta opp, tilpassar vi opplegget etter ynskje. 

Pris kr 35,- pr elev. Opplegg frå 3 - 5 timar.

 


Lygrapermen finn de bakgrunnsstoff til aktivitetane.
 
Overnattingstur i telt

I Naustvika nedanfor informasjonsbygningen er det fint å slå opp telt. Her er det mura opp grillplass, ta med grillkol og tennvæske. Fiskestang og redningsvestar kan vere kjekt å ha med. Det er inngang til toalett i informasjonsbygget døgnet rundt.



Tema
:

Vikingtid og mellomalder
Kva spor kan vi finne i landskapet frå vikingtid?
Vi leiter etter gravhaugar, kolmiler og ein gamal gard. Vi må dra med båt over til Lurekalven for å sjå spor etter eit gardsanlegg frå vikingtid og mellomalder. Ein ser kvar våningshus med eldstad har lege og kor driftsbygningen har stått like attmed. Kor mange menneske og dyr kan ha levd på denne garden? Nokre av funna frå arkeologiske utgravingar er utstilt i informasjonsbygget saman med ein modell av det gamle tunet.

 


Istid og landformer. Steinalder og buplassar. 

Kva skjedde då isen smelta? Kor høgt sto havet på Lygra?
Vi ser på strandlinja som har flytta seg, berggrunn og stein som er forma av isen.
Kor budde folk i steinalderen og kva levde dei av?
Turen vert ei vandring i tid frå der gardane ligg i dag og utover i lyngheilandskapet på leiting etter kor folk budde i steinalderen før folk tok til å dyrke jorda.
Turen egner seg godt for 4. klasse.

Tema
Her er nokre døme på tema vi kan ta opp, og som klassen kan jobbe med både før og etter eit besøk til Lyngheisenteret. Det er alltid ein fordel om elevane er noko førebudde. 


Skjøtsel av kulturlandskap
Fiskarbonden og ressursbruken i lyngheikulturen


Elevane får vere med på skjøtselsarbeid i utmarka som t.d lyngslått om hausten og einstapeslått om våren. Om våren kan de sjå korleis ein tar torv til gjødsel og torv til brensel. Tidleg om våren vert lyngen svidd og to gonger i året sanker vi villsau.


  Lyngheia som økosystem

Kva er eit kulturlandskap? Kva for skjøtselstiltak må ein gjera i lyngheiane? Korleis må planter og dyr tilpasse seg bruken i lyngheia (t.d beite og brann)?
Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei? Kan vi sette opp næringskjeder/næringsnett?
Kva for naturressursar har folk hausta frå lyngheiane?
Kva for trugsmål står lyngheiane overfor i dag?
Registreringar kan leggjast inn i databasen til Miljølære.no
.


  Endringar i jordbruket etter 1940
Kva for viktige forbetringar skjedde i jordbruket etter 1940? Kva fekk desse forbetringane og seia for korleis folk levde og utnytta naturen? Korleis har jordbruket sitt kulturlandskapet endra seg med desse nyvinningane?
Vi besøker den kulturhistoriske garden som driv slik dei gjorde før 1940 med hest og gamle reiskap, utan kunstgjødsel, kraftfôr og traktor. Korleis vert ein moderne gard drive i dag?
Elevane kan få vera med på arbeid på garden alt etter kva årstid de kjem.



Kulturminne på Lygra
Kva er eit kulturminne? Vi går på leiting i landskapet etter bygg, anlegg og spor etter menneske.
Kva vert bygningar og t.d steingardane nytta til?
Kan vi finne gravhaugar og kolmiler frå vikingtida?
Vi kan ta båt over til øya Lurekalven der det ligg spor etter eit gardsanlegg frå vikingtid/mellomalderen.


Byggjeskikk og kulturminne
Kva er eit kulturminne? Kva for byggjemateriale har folk nytta? Kva vert ulike bygg og anlegg nytta til?
Vi ser på steingardar og ulike bygningar som gardflor, torvhus og moldhus i lyngheilkandskapet.
Kva er typisk vestnorsk byggjeskikk for våningshus og driftsbygning?
Vi ser på lemstove og grindbygd løe. Elevane kan sjølv få setja opp ein modell av eit grindverksbygg.


Plantar og dyr i lyngheia

Kva for plantar og dyr kan vi finne i lyngheia? Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei? Er det nokre fuglar vi kjenner att?
Kva kan vi bruke ulike plantar til? Nokre plantar kan vi ete, andre er giftige.

Bronselader og jernalder
Kva for viktige forbetringar for folk skjedde i denne tidsepoken? Kva fekk reiskap av jern å seia for korleis folk levde og utnytta naturen? Korleis endra landskapet seg med desse nyvinnngane?
Vi fekk faste gardsanlegg i jernalder. Vi ser på ljåen som gjorde at folk kunne ta til å slå gras og etablere enger, og slå lyng. Elevane får slå med ljå, vi slår lyng, bregnar eller gras. Vi ser på gravhaug frå yngre jernalder.

 Livet ved fjøra
Kva for plantar og dyr finn vi ved fjøra? Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei?

Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no