Aktivitetar:
Mangfaldet i naturen

Smådyr i Lyngheia
Plantelivet i Lyngheia
Røsslyng
Torvmose
Geologien på Lygra
Jordsmonnet
Smådyr ved fjøra
Plantar i og ved saltvatn

Kulturminne og Kulturlandskap
Torv til gjødsel
Torv til brensel
Lyngslått
Einstapeslått
Lyngsviing
Villsausanking
Steingardar
Kartlegg kulturlandskapet
Ull og ullprodukt
Plantefarging

Aktivitetskalendar

Villsausanking
Pdf-fil heile aktiviteten

-
Vår og haust treng vi folk til å sanka dei rundt 250 villsauane som går på øyane Lygra og Lurekalven.

Den gamalnorske spælsaurasen har vore i Noreg sidan bronsealderen. Det var den einaste sauerasen vi hadde her i landet fram til slutten av 1800-talet då vi begynte å importera utanlandske sauerasar. Langs kysten klarar dyra seg åleine ute heile året, og vert difor også kalla utegangersau eller villsau. Vintrane langs kysten er milde med lite snø, og villsauen finn nok føde i røsslyngen som er grøn heile året. Tang og tare frå fjøra er også godt fôr vinterstid. Å halde villsau krev liten arbeidsinnsats i timar. Ein treng berre sanke sauene saman eit par gonger i året. Om sommaren, etter lamming, vert dyra klipte eller plukka, lamma vert merkte, dei vert sjekka for skadar, vaksinerte og vegde. Om hausten vert dyr tatt ut til slakting, vaksinering og veging.

Lenkjer
Sauaesia
Seep-isle
Villsau og kulturlandskap

Årstid
Juni og september.

Alder
Frå 8. klasse.

Bilete
Stend jordbruksskole 5.06.03

 

Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund