Aktivitetar - Undervisningsmateriell - Litteratur - Lenkjer
Tema/prosjekt - Lygrapermen - Læreplanreferansar

Undervisning - vidaregåande skule

Dagen tek til med film og utstilling. I utstillinga vert det satt av tid til omvising og oppgåveløysing. I klasserommet går vi igjennom teoristoff og forberedar elevane på kva dei skal gjere ute etterpå. Ute i landskapet vert det ei omvising på den kulturhistoriske garden og i lyngheiane. Skulen veljer på førehand ut spesielle tema og/eller aktivitetar dei vil vere med på alt etter fag og målet med turen til Lyngheisenteret. Elevane kan vere med på skjøtselsarbeid, oppleve dei mange kulturminna i landskapet eller gjere registreringsarbeid som ein del av miljøundervisninga.

I oversikten, aktivitetar gjennom året, nedanfor vil du sjå kva som skjer på garden og i lyngheiane frå månad til månad gjennom året. I Lygrapermen finn de bakgrunnsstoff til aktivitetane. Det er mange tema i tilknytting til eit besøk på Lygra som høver godt for prosjektarbeid. Vi kan hjelpe til med spesiell litteratur for fleire tema nemnt nedanfor. Dersom det er spesielle tema klassen vil ta opp, tilpassar vi opplegget etter ynskje.

Pris kr 35,- pr elev. Opplegg frå 3 - 5 timar.


Ekskursjonar. Forslag til tema/prosjekt:


N
aturfag
Lyngheia som økosystem  
Biologi (VKI og II) Lyngheia som økosystem Marin økologi
Geografi (VKI og II) Kulturlandskap  
Historie (VKI og II) Lyngheikulturen: Berekraftig produkssjonssystem Endringar i jordbruket etter 1850
Samfunnskunnskap (VKI og II) Kulturlandskap  
Kunst og kulturhistorie (VKI og II) Kulturlandskap  

Naturfag
* Lyngheia som økosystem og/eller marin økologi.

·
Elevane gjennomfører ein feltdag på Lygra der dei får ein innføring i kva kulturlandskap og lyngheiar er (økologiske og kulturelle føresetnader). Dei får lære om lyngheiar som ein berekraftig utnytting av naturressursane gjennom 5000 år.
· Vi fokuserer på trugsmål lyngheiane står overfor og kva ein gjer nasjonalt og internasjonalt for å ta vare på denne naturtypen.
·
Dei får gjere enkle registreringsarbeid av plantar og dyr i lyngheia og/eller i marine område. Kan de setje opp næringskjeder og næringsnett frå lyngheia?
· Registreringar kan leggjast inn i databasen til Miljølære.no.


Biologi VKI og VKII (2Bi og 3Bi). Feltdagar

*Lyngheia som økosystem og/eller marin økologi.
· Foruten lyngheiane finst det ein rik lauvskog og ein planta granskog. På innmarka finst det både næringsrike enger med eit lavt biologisk mangfald og ein urterik slåtteeng med eit stort mangfald av artar.

·
Dei marine områda egner seg godt for nærare studiar.
· Elevane lærar om kulturlandskap og dei økologiske og kulturelle føresetnadene for lyngheilandskapet. Korleis er plantar og dyr tilpassa dei økologiske forholda i lyngheia?
· Dei får gjera biotopanalyser der dei registrerar plantar og dyr (ruteanalysar), ser på jordprofil og samlar arter til objektsamling.
· Dei kan gjere enkel vegetasjonskartleggjing.
· Registreringar kan leggjast inn i databasen til Miljølære.no.


Geografi (felles, VKI og VKII)
* Kulturlandskapet
· Kvifor er lyngheiane eit kulturlandskap? Korleis har folk utnytta naturgrunnlaget langs kysten sidan yngre steinalder? Vi ser spesielt på korleis fiskarbonden har utnytta ressursane på ein berekraftig måte i lyngheikulturen, med gardsdrift og fiske. (Samanhengen vegetasjon, jordsmonn, klima og kulturpåverking).
· Kva trugar lyngheiane? Kva gjer ein nasjonalt og internasjonalt for å ta vare på naturtypen? Kvifor ta vare på ulike kulturlandskapstypar?
·  Elevane får ei omvising på den kulturhistoriske garden og i lyngheilandskapet. Dei kan vere med på eller få demonstrert ulike aktivitetar/skjøtselstiltak i tilknytting til garden og lyngheidriften, slik som korleis ein tar torv til brensel, slår lyng til fôr, slår einstape til strø og tar torv, tang og tare til gjødsel og fôr.
· Dei kan kartleggja kulturlandskapet på Lygra ved å buke kart og teikne inn vegetasjonstypar og bygningar/kulturminne i landskapet.
·
Vi kan òg sjå nærare på geologien på Lygra; forvitringsjord, landheving, gamal sjølinje, lokalisering busetting, spor etter kor isen har gått; sigdbrot, skuringsstriper, sprekkedanning.


Historie (VKI og VKII)
* Lyngheiane; eit berekraftig produksjonssystem gjennom 5000 år.

· Korleis har vegetasjonen og landskapet endra seg på kysten sidan siste istid? Korleis har folk utnytta naturressursane før og no?
· Sidan yngre steinalder har lygneheiane vore ressursgrunnlaget for fiskarbonden. Korleis har dei drive lyngheiane (gamle driftsformer). Kva trugar lyngheiane i dag? Kvifor ta vare på dei?
· Kva er eit kulturminne? Kva for byggjemateriale har folk nytta? Kva vert ulike bygg og anlegg nytta til?
· I lyngheilandskapet ser vi på kulturminne (gravhaugar, kolmiler), steingardar og ulike bygningar som gardflor, naust, torvhus og moldhus og kvifor landksapet ser ut som det gjer.
· Kva er typisk vestnorsk byggjeskikk for våningshus og driftsbygning? Vi ser på lemstove og grindbygd løe. Elevane kan sjølv få setje opp ein modell av eit grindverksbygg. Denne modellen er dessverre for tida ute av funksjon.

* Endringar i jordbruket etter 1850
·
Vi ser på busetting med tufter frå gamalt klyngetun og tek opp teigdeling, folkeauke, press på ressursane og utskiftingane på slutten av 1800-talet.
· Elevane får ei omvising på den kulturhistoriske garden som vert drive omkring som før 1940-talet med hest og gamle reiskap. Korleis vert ein moderne gard drive i dag?
·  Elevane kan få vere med på eller få demonstrert arbeid på garden og i lyngheia alt etter kva årstid de kjem. Til dømes korleis ein tar torv til brensel, slår lyng til fôr, slår einstape til strø og tar torv, tang og tare til gjødsel og fôr.




Opp
Læreplanreferansar


Aktivitetane er knytta til delmål i læreplanen for allmenne fag; naturfag grunnkurs, biologi (VKI og VKII) , geografi (VKI og VKII), historie (VKI og VKII), samfunnskunnskap (VKI og VKII) og kunst og kulturhistorie (VKI og VKII).

opp

Naturfag (felles allment fag)
 
 Mål Referanse frå læreplan Aktivitetar. Tema/Prosjekt

Mål 1

1b

1c

1d

· Eleven skal etter endt grunnkurs ha fått erfaring med ulike arbeidsformer i naturfag. De skal gjennom arbeid med faget oppleve naturfag som bl.a. praktisk og eksperimentelt fag.
· Ha deltatt i planlegging, gjennomføring og etterarbeid av minst ett prosjekt.
· Presentere resultater av undersøkelser, forsøk, prosjekt og ekskursjoner og vurdere dem mht kilder, arbeidsform, databehandling og evnt. feilkilder.
· Ha gjennomført en dags feltarbeid i emnet økologi

Lyngheia som økosystem

Plantar i lyngheia
Røsslyng
Torvmose
Geologien på Lygra

Jordsmonnet
Smådyr i fjøra
Plantar ved saltvatn
Mål 2
· Elevene skal tilegne seg kunnskap om noen sentrale økologiske prinsipper slik at de kan forstå og i noen grad vurdere globale og lokale miljøutfordringer. De skal forstå at mennesket biologisk sett er underlagt de samme naturlovene som annet liv.

 opp

Biologi , VKI og VKII
(allmenne, økonomiske og adm. fag)
 
Mål Referanse frå læreplan Aktivitetar. Tema/Prosjekt
2 BI
MÅL 1

1a
1b
1c


 · Elevene skal kunne arbeide praktisk i felt og laboratorium
 · gjennom feltundersøkelser oppøve evnen til å observere og foreta registreringer
 · kunne planlegge og utføre øvelser og eksperimenter
 · kunne beskrive og tolke resultater av praktisk arbeid i skriftlige rapporter


Lyngheia som økosystem


Plantar i lyngheia

Smådyr i lyngheia
Røsslyng
Torvmose
Smådyr i fjøra
Plantar ved saltvatn
Geologien på Lygra
Jordsmonnet
MÅL 2


2a

2b

2c
  · Elevene skal ha kunnskaper om det store mangfoldet i naturen, klassifiseringen av organismer og deres tilpasning til sitt miljø
 · kunne forklare oppbyggingen av den biologiske systematikken og bruke enkel bestemmelseslitteratur til klassifisering
 · kunne gi eksempler på utvalgte arters tilpasning til det fysiske og kjemiske miljø
 · ha kunnskaper om mangfoldet av organismer og kunne gi eksempler på samspillet mellom dem
3 BI
Mål 1
1a


1d
1e

1f
· Elevene skal kunne arbeide praktisk i felt og laboratorium og ha kunnskaper om objekter i en samling
· gjennom feltundersøkelser oppøve evnen til å observere og foreta registreringer
· kunne beskrive og tolke resultater av praktisk arbeid i skriftlige rapport
· kunne klassifisere og bestemme objekter i en samling og ha kunnskaper om objektenes habitat
· kjenne til bruk eller omtale av noen av objektene i folketradisjonen som for eksempel folkemedisin, husflid, sagn, osv
 
Lyngheia som økosystem


Plantar i lyngheia
Smådyr i lyngheia
Røsslyng
Torvmose

Smådyr i fjøra

Plantar ved saltvatn
Geologien på Lygra
Jordsmonnet
 
Mål 2




2a
· Elevene skal ha grunnleggende kunnskaper om naturen som sammensatte og foranderlige systemer. De skal kunne forklare hvordan de forskjellige elementene er avhengige av hverandre og hvordan samspillet mellom dem fungerer
· gjennom feltarbeid fra ett akvatisk og/eller ett terrestrisk miljø kunne gjennomføre biotopanalyser med hensyn på biotiske og abiotiske faktorer. De skal kunne vurdere resultatene ut fra kunnskaper om hvordan et økosystem er bygd opp
MÅL 6

6c
· Elevene skal kunne drøfte aktuelle miljøspørsmål og kunne handle til beste for miljøet, andre organismer og egen helse.
· Forstå betydningen av å ta vare på det biologiske mangfoldet, kjenne til hva som truer det og hva som kan gjøres for å bevare mangfoldet

opp

Geografi
(allmenne, økonomiske og adm. fag)
 
Mål Referanse frå læreplan Aktivitetar. Tema/Prosjekt
Felles allment fag
MÅL 1
Naturlandskap og klima.
· Elevene skal kjenne hovedtrekkene ved de store landformene på jordoverflata og de viktigste landformene i Norge. De skal ha kunnskaper om indre og ytre prosesser som forklarer dannelsen av landformene og jordartene. Elevene skal kjenne til hva som bestemmer vær- og klimaforhold i Norge

Geologien på Lygra
Jordsmonnet
Mål 2



2a
2b

2c

2d
Kulturlandskapet.
· Elevene skal forstå sammenhenger i landskapet mellom naturgitte forutsetninger og kulturpåvirkning, og ha kunnskap om hvordan kulturlandskap i Norge har utviklet seg og kan utvikle seg
· kunne drøfte begrepet kulturlandskap
· kunne beskrive og forklare viktige trekk ved utviklingen av ulike typer kulturlandskap fra jord- og skogbrukslandskap til tettstedslandskap
· kjenne til de viktigste typer planer, lover og avtaler som vedrører kulturlandskapet med vekt på lokale forhold
· kunne diskutere estetiske verdier ved kulturlandskapet

Kulturlandskapet


Kartlegg kulturlandskapet på Lygra
Geografi I MÅL 2


2e

· Elevene skal ha grunnleggende kunnskaper om geologi og geologiske ressurser, samt miljøkonsekvenser ved bruk av disse ressursene
· Kjenne noen viktige trekk i Norges geologiske historie og hovedtrekkene i den regionale utbredelsen av bergarter i Norge

Geologien på Lygra
MÅL 5

5b

5c
· Elevene skal ha grunnleggende kunnskaper om vegetasjonssonene på jorda og kunne drøfte viktige miljøspørsmål i disse områdene
· Drøfte eksempler på sammenheng mellom jordsmonn, klima og vegetasjon
· Drøfte aktuelle miljøspørsmål i ulike vegetasjonssoner, nasjonalt og globalt.
Kulturlandskapet

opp

Historie VKI og VKII
 
Mål Referanse frå læreplan Aktivitetar. Tema/Prosjekt
Eldre historie
MÅL 1

1a

1b

·
Elevene skal ha kunnskaper om hovedtrekk i norsk historie i et nordisk perspektiv og kunne forstå årsaker til at samfunn er stabile eller endrer seg
· Kunne gjøre rede for sentrale trekk ved ressursgrunnlaget og næringsutviklingen fra de eldste tider
· Kunne gjøre rede for befolkningsutvikling, endring i bosetting og sosial organiseringeie

Lyngheia; eit berekraftig produksjonssystem gjennom 5000 år

Mål 2

2b

· Elevene skal ha kunnskaper om ulike typer samfunnsorganisering og maktforhold og kunne drøfte forholdet mellom mennesker og miljø i ulike perioder av verdenshistorien i et globalt perspektiv
· Kunne gjøre rede for hvordan mennesker på ulike måter har utnytta naturressurser ut fra sin tenkning og teknologi og kunne vurdere hvordan dette har påvirket samfunnsutviklingen og forholdet til naturen
Nyere historie




· Kunne gjøre rede for overgangen fra det førindustrielle til det industrielle samfunn og moderniseringsprosessene innenfor primærnæringene, og kunne drøfte hvilke betydning prosessene har hatt for den sosiale og politiske utviklingen og for miljøet
Endringar i jordbruket etter 1850



Opp
Aktivitetar gjennom året

Drifta i lyngheiane og på den kulturhistoriske garden er slik ho var før 1940 med hest og gamle reiskap. I aktivitetskalendaren finst ein oversikt over alle aktivitetane elevane kan vere med på gjennom året.

Januar - februar  
Innmark Husdyra. Kyrne, sauene, hesten, hønene er innomhus
Hakke lyng til fôr og einstape o.l. til strø
Utmark Samle tang til fôr eller til kompostering (gjødsel)
 

Ull og ullprodukt

Mars - april  
Innmark Husdyra er innomhus. Stell og fôring.
Rive mose på bøen
Hakke lyng til fôr og halm o.l. til strø
Utmark Slå lyng med ljå (til fôr i vårknipa)
Samle tang til fôr eller til kompostering
Svi lyng (opphald og litt vind)
  Ull og ullprodukt
Mai  
Innmark Høner og gjess er rundt garden
Setje ut kålplantar
Hakke halm o.l. til strø
Utmark Kyrne, hesten, sauene og grisen er på beite i utmarka
Villsausanking (to dagar)
Rake mold til strø (pent, stille vêr)
Spa torv til brensel (demonstrasjon)
Samle tang til fôr eller til kompostering (gjødsel)
  Livet i fjøra
Plantar og dyr i lyngheia
Juni  
Innmark Hesje/snu graset på enga
Hakke halm o.l til strø
Utmark Dyra på beitet
Slå einstape med ljå, tørke på bakken
Rake mold til strø (pent, stille vêr)
Spa torv til brensel (demonstrasjon)
Samle tang til fôr eller til kompostering (gjødsel)
 

Livet i fjøra
Plantar og dyr i lyngheia

August  
Innmark Hakke halm o.l. til strø
Skrapeslått med ljå. Rake og lagre.
Utmark Dyra på beitet
Slå lyng med ljå (tørkast til fôr)
Rake tørka einstape og bere til lagring (strø)
Samle tang til fôr eller til kompostering
  Livet i fjøra
Plantar og dyr i lyngheia
Plantefarging
September  
Innmark Skuronn; skjære korn, setje i stakk
Skrapeslått med ljå. Rake og lagre.
Utmark Dyra på beitet
Slå lyng med ljå
Rake tørka einstape og bere til lagring

Samle tang til fôr eller til kompostering
  Livet i fjøra
Plantar og dyr i lyngheia
Plantefarging
Oktober  
Innmark Husdyra er innomhus
Rake lauv, frakte til garden
Hakke lyng til fôr til kyrne og halm o.l. til strø
Utmark Slå lyng med ljå
Samle tang til fôr eller til kompostering
Villsausanking (to dagar, Utlurmarka og Lurekalven)
  Ull og ullprodukt
November  
Innmark Husdyra er innomhus
Treske og drøfte korn, demonstrasjon og prøving
Rake lauv
Hakke lyng til fôr for kyrne og halm o.l. til strø
Utmark Samle tang til fôr og kompostering
Ullprodukt
Desember  
Innmark Husdyra er innomhus
Hakke lyng til fôr for kyrne og halm til strø
Utmark Samle tang til fôr og kompostering

Opp

Aktivitetar-  Undervisningsmateriell - Litteratur - Lenkjer
Tema/prosjekt - Lygrapermen - Læreplanreferansar
Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund