Aktivitetar - Undervisningsmateriell - Litteratur - Lenkjer
Tema - Lygrapermen - Læreplanreferansar -
    
Undervisning - ungdomsskulen

For ein skuleklasse frå ungdomstrinnet tek dagen til med film og utstilling. Deretter går vi ut på tur og er med på ulike aktivitetar på den kulturhistoriske garden og/eller i utmarka. Turane går ut i lyngheia og ned til fjøra. Her får elevane vere med på skjøtselsarbeid og oppleva dei mange kulturminna i landskapet. Midt på dagen tek vi matpause.

I oversikten, aktivitetar gjennom året, nedanfor vil du sjå kva 8. - 10. klasse kan vere med på frå månad til månad gjennom året. Det er mange tema knytt til eit besøk på Lygra som høver godt for prosjektarbeid. Vi kan hjelpe til med spesiell litteratur for fleire av temaene nemnt nedanfor. Dersom det er spesielle tema klassen vil ta opp, tilpassar vi opplegget etter ynskje. I Lygrapermen finn de bakgrunnsstoff til aktivitetane.

Pris kr 35,- pr elev. Opplegg frå 3 - 5 timar.


Forslag til tema/prosjekt
Her er nokre døme på tema vi kan ta opp, og som klassen kan jobbe med både før og etter eit besøk til Lyngheisenteret. Det er alltid ein fordel om elevane er noko førebudde i fagstoffet. For oversikt over lærarplanar og aktivitetar sjå her.
8. klasse 9. klasse 10. klasse
Skjøtsel av kulturlandskap Skjøtsel av kulturlandskap Skjøtsel av kulturlandskap
Endringar i jordbruket etter 1940 Fiskarbonden og ressursbruk i lyngheikulturen Endringar i jordbruket etter 1940
Byggjeskikk og kulturminne Lyngheiane som økosystem Lyngheiane som økosystem
  Overnattingstur i telt  


* Skjøtsel av kulturlandskap

Fiskarbonden og ressursbruken i lyngheikulturen
Korleis har folk utnytta naturgrunnlaget langs kysten? Ressursane henta dei både frå utmarka (lyngheiana) og sjøen.Elevane får vera med på skjøtselsarbeid i utmarka som t.d lyngslått om hausten og einstapeslått om våren. Om våren kan det sjå korleis ein tar torv til gjødsel og torv til brensel. Tidleg om våren vert lyngen svidd og to gonger i året sankar vi villsau. Gjennom heile året sankast tang og tare til gjødsel og fôr.

* Byggjeskikk og kulturminne
Kva er eit kulturminne? Kva for byggjemateriale har folk nytta? Kva vert ulike bygg og anlegg nytta til?
Vi ser på steingardar og ulike bygningar som gardflor, torvhus og moldhus i lyngheilkandskapet.
Kva er typisk vestnorsk byggjeskikk for våningshus og driftsbygning?
Vi ser på lemstove og grindbygd løe. Elevane kan sjølv få setja opp ein modell av eit grindverksbygg.

* Lyngheia som økosystem
Kva er eit kulturlandskap? Kva for skjøtselstiltak må ein gjera i lyngheiane? Korleis må planter og dyr tilpasse seg bruken i lyngheia (t.d beite og brann)?
Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei? Kan vi sette opp næringskjeder/næringsnett?
Kva for naturressursar har folk hausta frå lyngheiane?
Kva for trugsmål står lyngheiane overfor i dag?

Registreringar kan leggjast inn i databasen til Miljølære.no.

* Endringar i jordbruket etter 1940
Kva for viktige forbetringar skjedde i jordbruket etter 1940? Kva fekk desse forbetringane og seia for korleis folk levde og utnytta naturen? Korleis har jordbruket sitt kulturlandskapet endra seg med desse nyvinningane?
Vi besøker den kulturhistoriske garden som driv slik dei gjorde før 1940 med hest og gamle reiskap, utan kunstgjødsel, kraftfôr og traktor. Korleis vert ein moderne gard drive i dag?
Elevane kan få vera med på arbeid på garden alt etter kva årstid de kjem.

* Overnattingstur i telt
I Naustvika nedanfor informasjonsbygningen er det fint å slå opp telt. Her er det mura opp grillplass, ta med grillkol og tennvæske. Fiskestang og redningsvestar kan vere kjekt å ha med. Det er inngang til toalett i informasjonsbygget døgnet rundt.
 

Opp
Aktivitetar gjennom året

I aktivitetskalendaren finst ein oversikt over alle aktivitetane gjennom året.

Januar - februar  
Innmark Husdyra. Kyrne, sauene, hesten, hønene er innomhus
Hakke lyng til fôr og einstape o.l. til strø
Utmark Samle tang til fôr eller til kompostering (gjødsel)
 

Ull og ullprodukt
Byggjeskikk og kulturminne

Mars - april  
Innmark Husdyra er innomhus. Stell og fôring.
Rive mose på bøen
Hakke lyng til fôr og halm o.l. til strø
Utmark Slå lyng med ljå (til fôr i vårknipa)
Samle tang til fôr eller til kompostering
Svi lyng (opphald og litt vind)
  Byggjeskikk og kulturminne
Mai  
Innmark Høner og gjess er rundt garden
Setje ut kålplantar
Hakke halm o.l. til strø
Utmark Kyrne, hesten, sauene og grisen er på beite i utmarka
Villsausanking (to dagar)
Rake mold til strø (pent, stille vêr)
Spa torv til brensel (demonstrasjon)
Samle tang til fôr eller til kompostering (gjødsel)
  Livet i fjøra
Plantar og dyr i lyngheia
Byggjeskikk og kulturminne
Juni  
Innmark Hesje/snu graset på enga
Hakke halm o.l til strø
Utmark Dyra på beitet
Slå einstape med ljå, tørke på bakken
Rake mold til strø (pent, stille vêr)
Spa torv til brensel (demonstrasjon)
Samle tang til fôr eller til kompostering (gjødsel)
 

Livet i fjøra
Plantar og dyr i lyngheia
Byggjeskikk og kulturminne

August  
Innmark Hakke halm o.l. til strø
Skrapeslått med ljå. Rake og lagre.
Utmark Dyra på beitet
Slå lyng med ljå (tørkast til fôr)
Rake tørka einstape og bere til lagring (strø)
Samle tang til fôr eller til kompostering
  Livet i fjøra
Plantar og dyr i lyngheia
Plantefarging
Byggjeskikk og kulturminne
September  
Innmark Skuronn; skjære korn, setje i stakk
Skrapeslått med ljå. Rake og lagre.
Utmark Dyra på beitet
Slå lyng med ljå
Rake tørka einstape og bere til lagring

Samle tang til fôr eller til kompostering
  Livet i fjøra
Plantar og dyr i lyngheia
Plantefarging
Byggjeskikk og kulturminne
Oktober  
Innmark Husdyra er innomhus
Rake lauv, frakte til garden
Hakke lyng til fôr til kyrne og halm o.l. til strø
Utmark Slå lyng med ljå
Samle tang til fôr eller til kompostering
Villsausanking (to dagar, Utlurmarka og Lurekalven)
  Byggjeskikk og kulturminne
November  
Innmark Husdyra er innomhus
Treske og drøfte korn, demonstrasjon og prøving
Rake lauv
Hakke lyng til fôr for kyrne og halm o.l. til strø
Utmark Samle tang til fôr og kompostering
Ullprodukt
Desember  
Innmark Husdyra er innomhus
Hakke lyng til fôr for kyrne og halm til strø
Utmark Samle tang til fôr og kompostering


Opp
Læreplanreferansar

Aktivitetane er knytta til delmål i læreplanen for 8. klasse, 9. klasse og 10. klasse.

 Trinn Referanse frå læreplan Aktivitetar. Tema/Prosjekt

8. klasse
   

NATURFAG
 
MANGFALDET I NATUREN
- bli kjende med utvalde stein- og jordtypar gjennom feltarbeid og døme som viser samanhengen mellom vegetasjon, jordsmonn og bergartar


Plantar i lyngheia
Geologien på Lygra
Jordsmonnet

SAMFUNNSFAG  
GEOGRAFI - EI VERD AV LIKSKAP OG ULIKSKAP
- øve seg i å sjå samanhengar mellom natur og samfunn, utvikle innsikt i at menneska er avhengige av naturgrunnlaget og korleis menneska påverkar og endrar det. Gjere seg kjende med debatten om og få høve til å avklare eigne haldningar til desse spørsmåla

Endringar i jordbruket etter 1940.
KUNST- OG HANDVERK  
SKULPTUR OG BRUKSFORM
- øve seg i å se forskjeller mellom lokal og nasjonal byggeskikk og andre kulturers boformer gjennom å møte eksempler fra arkitektur og interiør, kjenne til restaurering og utbedring av hus og se dette i en økologisk sammenheng

Byggjeskikk og kulturminne

9 . klasse
       

NATURFAG
 
 MANGFALDET I NATUREN
- bli kjende med eit økosystem på land gjennom feltarbeid, finne fram til enkle næringskjeder og næringsnett og beskrive korleis artane er tilpassa kvarandre og miljøet dei lever i
- bli kjende med omgrepet biologisk mangfald, drøfte korleis menneskelege aktivitetar kan endre tilhøva i eit økosystem og konsekvensar og interessekonfliktar i høve til bruk av naturressursar, til dømes ved hjelp av datanett bli kjende med korleis folk og spesielt samane har nytta og nyttar naturressursane


Lyngheia som økosystem

Plantar i lynghei
Smådyr i lynghei


 SAMFUNNSFAG  
GEOGRAFI - EI VERD AV LIKSKAP OG ULIKSKAP
- utvikle kjennskap til korleis menneska nyttar naturgrunnlaget til å skaffe seg mat, energi og andre varer. Bli kjende med ulike typar produksjon og øve seg i å bruke inndelinga i dei tre hovudtypane av næringar: primær-, sekundær- og tertiærnæring og korleis dei er endra over tid


Fiskarbonden og ressursbruken i lyngheikulturen

 

KROPPSØVING  
FRILUFTSLIV
- oppleve kontakt og nærleik med naturen gjennom å planleggje og gjennomføre ein tur med overnatting i naturmiljø
- utvikle forståing for kor sårbar og sterk naturen er
 
Overnatta på Lygra

10 . klasse
      

NATURFAG
 
MANGFALDET I NATUREN
- planleggje og gjennomføre økologiske undersøkingar i eit naturområde, bli kjende med aktuelle tiltak i området og drøfte kva gjennomføring kan få å seie
- drøfte tiltak som kan betre miljøet og medverke til ei berekraftig utvikling lokalt og globalt, til dømes ved bruk av datanett


Lyngheia som økosystem
Plantar i lyngheia
Smådyr i lyngheia

Smådyr i fjøra

Plantar i og ved fjøra

SAMFUNNSFAG  
HISTORIE OG HOVUDLINJER FRÅ OMLAG 1750 OG FRAM TIL VÅR TID.
- greie ut om og vurdere dei nasjonale og globale følgjene av den materielle voksteren i etterkrigstida og dei teknologiske nyvinningane i dei ulike primær og sekundærnæringane og i hushaldning, transport og massemedium
 

Endringar i jordbruket etter 1940

Opp 

  -   Aktivitetar - Undervisningsmateriell-  Litteratur - Lenkjer
Tema - Lygrapermen - Læreplanreferansar
Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund