|
Aktivitetskalendar
|
|
Ull
og ullprodukt
Pdf-fil heile aktiviteten
-
Med ull, grønsåpe og vatn kan de
tove fine figurar og bilete av ull.
- Toving er verdas eldste tekstile teknikk.
- Med litt øving kan de karde og tvinne
eigen tråd. |
 |
Fellen til sauen er todelt med fin botnull og ei
grovare dekkull. Ulla til villsauen, den gamalnorske
spælsaurasen, har mykje grov dekkull i forhold
til botnull. Denne ulla eignar seg godt til toving.
Vikingane tova ull til tjukke kofter som vart brukte
til vern mot sverd. Dei brukte også villsau-ull
til å lage segla til vikingskipa.
Teikn og fortel om undersøkingar av ull som
viser at ull er varm, elastisk, lett å forme,
lett å filtre, brenn dårleg og ikkje
trekkjer til seg råme. |
Lenkjer
Hillesvåg Ullvarefabrikk
Årstid
Heile året.
Alder
Alle. |
|
| |
|