|
Tørka
torvjord (mold) har ein fantastisk evne til å
suge opp råme. Dette har bønder visst
og utnytte i lange tider ved å strø
torvjord under dyra i fjøset og i gardfloren.
På denne måten vart husdyrgjødsla
teke betre vare på, ho tørka noko
inn og ho vart meir konsentrert og volumet til
gjødsla auka. Samstundes vart det reinslegare
i fjøset. Dyra vart ståande på
blandinga (talle) av mose og gjødsel. Om
våren spadde bøndene ut blandinga
og nytta ho som gjødsel på åkrane.
Det har vore ei eiga onn å samle nok torvstrø
i mai og juni, mellom våronn og slåttonn.
Folk samla også halm, tang og tare, raka
saman lauv og slo einstape for å leggje
under dyra som isolasjon og strø.
Lenkjer
Sphagnum
AS
Årstid
Mai - juni.
Alder
Alle. |