-  Aktivitetar - Undervisningsmateriell - Litteratur - Lenkjer-  -
Tema - Lygrapermen - Læreplanreferansar - Lærarrettleiing
  
Undervisning - småskuletrinnet


På småskuletrinnet foregår undervisninga i informasjonsbygget (klasserom, film og utstilling) og på og rundt den kulturhistoriske garden. Drifta på garden er ført tilbake slik ho var rundt 1940 med hest og gamle husdyrrasar. Frå oktober til mai står dyra innomhus, i sommarhalvåret er dei fleste dyra ute på beitet. Elevane får sjå på dyra og vere med på enkle gjeremål på garden avhengig av tida på året. Turane kan også gå ut i lyngheia og ned til fjøra.

I oversikten, aktivitetar gjennom året, nedanfor vil du sjå kva 1. - 4. klasse kan vere med på frå månad til månad gjennom året. Dersom det er spesielle tema klassen vil ta opp tilpassar vi opplegget etter ynskje. I Lygrapermen finn de bakgrunnsstoff til aktivitetane.

Pris kr 35,- pr elev. Opplegg frå 3 - 5 timar.


Tema
Her er nokre døme på tema vi kan ta opp, og som klassen kan jobbe med både før og etter eit besøk til Lyngheisenteret. Det er alltid ein fordel om elevane er noko førebudde. Nedanfor finst ein oversikt over lærarplanar og aktivitetar for kvart klassetrinn.
I lærarrettleiinga finst tips til korleis de kan gjennomføre eit opplegg med for- og etterarbeid.

* Istid og landformer. Steinalder og buplassar.
Kva skjedde då isen smelta? Kor høgt sto havet på Lygra?
Vi ser på strandlinja som har flytta seg, berggrunn og stein som er forma av isen.
Kor budde folk i steinalderen og kva levde dei av?
Turen vert ei vandring i tid frå der gardane ligg i dag og utover i lyngheilandskapet på leiting etter kor folk budde i steinalderen før folk tok til å dyrke jorda.
Turen egner seg godt for 4. klasse.


* Kulturminne på Lygra
Kva er eit kulturminne? Vi går på leiting i landskapet etter bygg, anlegg og spor etter menneske.
Kva vert bygningar og t.d steingardane nytta til?
Kan vi finne gravhaugar og kolmiler frå vikingtida?
Vi kan ta båt over til øya Lurekalven der det ligg spor etter eit gardsanlegg frå vikingtid/mellomalderen.

* Plantar og dyr i lyngheia
Kva for plantar og dyr kan vi finne i lyngheia? Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei? Er det nokre fuglar vi kjenner att?
Kva kan vi bruke ulike plantar til? Nokre plantar kan vi ete, andre er giftige.

Opp
Aktivitetar gjennom året


I aktivitetskalendaren finst ein oversikt over alle aktivitetane gjennom året.

Januar - februar  
Innmark Husdyra. Kyrne, sauene, hesten, hønene er innomhus
Hakke lyng til fôr og einstape o.l. til strø
Utmark Samle tang til fôr eller til kompostering (gjødsel)
 

Ull og ullprodukt

Mars - april  
Innmark Husdyra er innomhus
Rive mose på bøen
Hakke lyng til fôr og halm o.l. til strø
Utmark Samle tang til fôr eller til kompostering
  Kulturminne på Lygra; steingardar, gravhaugar, kolmiler, middelaldergard
Mai  
Innmark Høner og gjess er rundt garden
Setje ut kålplantar
Hakke halm o.l. til strø
Utmark Kyrne, hesten, sauene og grisen er på beite i utmarka
Rake mold til strø (pent, stille vêr)
Spa torv til brensel (demonstrasjon)
Samle tang til fôr eller til kompostering (gjødsel)
  Livet i fjøra
Kulturminne på Lygra; steingardar, gravhaugar, kolmiler, middelaldergard
Plantar og dyr i lyngheia
Istid og landformer. Steinalder og buplassar.
Juni  
Innmark Hesje/snu graset på enga
Hakke halm o.l til strø
Utmark Dyra på beite
Rake mold til strø (pent, stille vêr)
Spa torv til brensel (demonstrasjon)
Samle tang til fôr eller til kompostering (gjødsel)
 

Livet i fjøra
Kulturminne på Lygra; steingardar, gravhaugar, kolmiler, middelaldergard
Plantar og dyr i lyngheia
Istid og landformer. Steinalder og buplassar.

August  
Innmark Hakke halm o.l. til strø
Utmark Dyra på beitet
Rake tørka einstape og bere til lagring (strø)
Samle tang til fôr eller til kompostering
  Livet i fjøra
Istid og landformer. Steinalder og buplassar.
Kulturminne på Lygra; steingardar, gravhaugar, kolmiler, middelaldergard
Plantar og dyr i lyngheia
Plantefarging
September  
Innmark Skuronn; skjære korn, setje i stakk
Utmark Dyra på beitet
Rake tørka einstape og bere til lagring

Samle tang til fôr eller til kompostering
  Livet i fjøra
Istid og landformer. Steinalder og buplassar.
Kulturminne på Lygra; steingardar, gravhaugar, kolmiler, middelaldergard
Plantar og dyr i lyngheia
Plantefarging
Oktober  
Innmark Husdyra er innomhus
Rake lauv, frakte til garden
Hakke lyng til fôr til kyrne og halm o.l. til strø
Utmark Samle tang til fôr eller til kompostering
  Istid og landformer. Steinalder og buplassar.
November  
Innmark Husdyra er innomhus
Treske og drøfte korn, demonstrasjon og prøving
Rake lauv
Hakke lyng til fôr for kyrne og halm o.l. til strø
Utmark Samle tang til fôr og kompostering
Desember  
Innmark Husdyra er innomhus
Hakke lyng til fôr for kyrne og halm til strø
Utmark Samle tang til fôr og kompostering


Opp
Læreplanreferansar

Aktivitetane er knytta til delmål i læreplanen for 1. klasse, 2. klasse, 3. klasse og 4. klasse.

 Trinn Referanse frå læreplan Aktivitetar. Tema/Prosjekt
1.klasse     NATURFAG  
KROPP OG HELSE
- stimulere sansane og bruke dei bevisst ved aktivitetar inne og ute i naturen

MANGFALDET I NATUREN
- utforske både den levande og den ikkje-levande delen av naturen og beskrive opplevingar gjennom å teikne/skrive i ei naturdagbok
- observere nokre dyr og planter i nærmiljøet og sortere dei etter lett observerbare likskapar og ulikskapar
- samle og sortere ulike steinslag etter lett observerbare eigenskapar

 

 


Smådyr
i lyngheia
Plantar i lyngheia
Livet i fjøra
Geologien på Lygra

KUNST- OG HANDVERK  
SKULPTUR OG BRUKSFORM
- samle, sanse og bearbeide naturmaterialer og samtale om verdier som naturen representerer
- arbeide med ulike typer tråd og oppleve gleden ved å mestre enkle teknikker, f eks tvinning, fletting og veving

Plantefarging

Ull og ullprodukt
KROPPSØVING  
NÆRMILJØ OG NATUR
- ta i bruk natur og nærmiljø så ofte som mogleg for å utvikle evna til på ulike måtar å ta seg fram i terreng og underlag av ulikt slag
 

2. klasse
       

NATURFAG
 
 MANGFALDET I NATUREN
- lære korleis ein nyttar ulike plantedelar til ulike føremål

Røsslyng
Torvmose

 SAMFUNNSFAG  
 MENNESKE OG SAMFUNN FØR OSS
- lære å kjenne historiske minnesmerke og arbeide med fortidsleivningar for å utvikle interesse for historia til heimstaden
 Kulturminne på Lygra; steingardar, gravhaugar, kolmiler, midddelaldergard
 KUNST OG HANDVERK  
 SKULPTUR OG BRUKSFORM
- bli kjent med naturmaterialer som tre og ull og gjennom bearbeiding, f eks spikking og toving av dem, få erfaring i å framstille enkle bruksformer
 Ull og ullprodukt
KROPPSØVING  
NÆRMILJØ OG NATUR
- få høve til å oppleve samspelet mellom menneske og natur ved å vere mykje ute
 

3. klasse
      

NATURFAG
 
MANGFALDET I NATUREN
- bli kjende med nokre fuglar i nærmiljøet og kva som skjer med dei gjennom årstidene
- lære om og bli kjende med nokre vanlege dyr, til dømes kjæledyr eller husdyr, og samtale om forholdet mellom menneske og dyr

Fuglar på Lygra

Dyra på garden
SAMFUNNSFAG  
INDIVID OG SAMFUNN
- planleggje og gjennomføre ein tur, utforme reglar for korleis dei skal te seg på turen
 
KUNST- OG HANDVERK  
SKULPTUR OG BRUKDSFORM
- øve seg i enkle sammenføyningsteknikker, f eks håndsøm, enkel hekling, toving og fletting, i tekstilt arbeid

Ull og ullprodukt
KROPPSØVING   
NÆRMILJØ OG NATUR
- vere ute i terrenget til ulike årstider, slik at dei får erfaring med å røre seg og leike på ulike typar underlag
 

4. klasse
       

NATURFAG
 
MANGFALDET I NATUREN
- utforske nokre biotopar i nærmiljøet og beskrive enkle næringskjeder utifrå arbeidet med biotopar
- arbeide med felles kjenneteikn for levande organismar, og øve seg i ulike måtar å gruppere dei på


Livet i fjøra
Plantar i lyngheia
Smådyr i lyngheia
SAMFUNNSFAG  
MENNESKE OG SAMFUNN FØR OSS
- høyre om dei første menneska som kom til landet vårt etter istida og lære om korleis steinaldermenneska i Noreg, Norden og Europa levde
- bli kjende med korleis menneska lærte å dyrke jorda og bruke husdyr og nytta plog og sal, vasshjul og vindmøller



Istid og landformer Steinalder og buplassar
Steinalderbønder

KUNST- OG HANDVERK   
SKULPTUR OG BRUKSFORM
- øve seg på grunnprinsipper for strikking og veving i arbeid med enkle former ut fra sine egne ideer og få erfaring med enkel plantefarging
Plantefarging
KROPPSØVING   
NÆRMILJØ OG NATUR
- få opplevingar for å kunne tileigne seg kunnskap om samspel i naturen og ta ansvar for natur og miljø med utgangspunkt i lokal tradisjon og med innblikk i den samiske tradisjonen
 
     

Opp

 -  Aktivitetar  -Undervisningsmateriell - Litteratur - Lenkjer   -
Tema - Lygrapermen - Læreplanreferansar - Lærarrettleiing
Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund