|
Aktivitetskalendar
|
|
Smådyr
i fjøra
Pdf-fil heile aktiviteten
-
Elevane registrerar dyrelivet i sjøen,
i hovudsak dei dyra som kan finnast i fjøra.
- Dei vil læra om samanhengen mellom førekomst
og levetilhøve. |
 |
Strandområda på Lygra er karakterisert
av steinskrentar, svaberg og fjell. Denne fjøra
er det vi kallar hardbotn til skilnad frå
blautbotn som vert kjenneteikna av mellom anna sand
og leire. Vi finn eit stort biologisk mangfald i
fjøra. Mangfaldet vert bestemt av miljøforholda.
I fjøra er desse forholda svært skiftande.
To gonger i døgnet skiftar det mellom høgvatn
og lågvatn, temperaturforholda mellom sommar
og vinter er stor og saltinnhaldet kan variera ein
god del. Når de skal samle inn smådyr
i fjøra, bør de gjere det så
tett opptil fjøre sjø (lågvatn)
som mogleg. Skal de undersøkje fjøra
i to timar, kan det vere lurt å byrje ein
time før lågvatn. Flod- og fjøretider
står i tidevasstabellar og dei fleste aviser.
Registreringar kan de leggje inn på det interaktive
undervisningsprogrammet Miljølære.no under aktiviteten Smådyr
i fjøra. Programmet tar imot insendt
materiale for nærare bestemming etter avtale.
|
|
Lenkjer
Miljølære.no
Dyr
i fjøra (tekst og bilete)
Norsk Marin
Fauna
Tidevasstabell
Årstid
Mai - oktober, eller året rundt.
Alder
Alle. |
|
|
| |
|