Tema  -  Aktivitetar  - Lygrapermen - Undervisningsmateriell
      

Undervisning - småskuletrinnet

Lærarrettleiing


Forslag til opptil 10 timars opplegg for småskulen;
ein dagstur til Lygra og 5 timar for- og etterarbeid.

Arbeidsmåte og organisering
Elevane kan lage ei ega bok knytt opp til eit besøk til Lygra. Boka kan de arbeide med gjennom heile opplegget. Sjå her for valg av ulike tema med for- og etterarbeid.
* Begynn med å teikne ein villsau med aquarellfarger, ha ein plansje el.l. av ein villsau på tavla. Klipp teikningen ut og lim den på eit farga ark.
* Lag ein overskrift t.d. Lygra, Lyngheiar, villsau el.l. Dette er forsida.
* Skriv så nokre setningar på eit nytt ark. Døme: På Lygra er sauen vill. Villsauen har tykk ull. Av ulla kan vi lage sokkar....
* Etter kvart som de har om dei forskjellige tema nedanfor, teiknar og skriv de. Læraren tar vare på alle arka etter kvart, og sett hull i dei.
* Til slutt kan elevane få alle arka sine tilbake og sette saman boka med ein ulltråd dei sjølv har spunne frå villsau-ull. Forsida kan også lagast av bølgjepapp, og ein kan veve eit bilete av plantefarga garn. Baksida kan vere farga papp.



Lærarplanen 1. klasse
målområde og hovudmoment:

Tilknytting andre fag:
  • Lære korleis dei fem sansane er knytta til ulike kroppsdelar.
  • Stimulere sansane ved aktivitetar ute.
  • Utforske både den levande og den ikkje-levande delen av naturen, og skildre opplevingar gjennom å teikne/skrive i ei naturdagbok.
  • Observere dyr og planter i nærmiljøet, sortere dei etter lett observerbare likheiter og ulikheiter.
  • Samle og sortere ulike steinslag etter lett observerbare kjenneteikn.
  • Sjå korles materiale vert brote lett ned i naturen i motsetnad til tungt nedbrytbart materiale.
  • Arbeide med kompostering som døme på eit forenkla krinsløp, og utvikle forståing for at naturen bruker dei same stoffa om igjen.
Eit skulebesøk til Lygra gir gode moglegheiter for å arbeide på tvers av fag.
Samfunnsfag: Bruke naturen og greie ut om landskapsformar, t.d. ås, skog, slette.
Kunst- og handverksfaget: Fortelje om inntrykk og uttrykke fantasi og skaparglede i bilete, t.d. teikne, male, rive, klippe og lime, med utgangspunkt i eigne opplevingar, musikk, eventyr, forteljingar og aktuelle tema i nærmiljøet.
- Samle, sanse og arbeide med naturmateriale og samtale om verdiar som naturen representerer.
- Arbeide med ulike typar tråd og oppleve gleden ved og meistre enkle teknikkar som tvinning, veving og fletting.



Tema

TEMA

FORARBEID

LYGRA

ETTERARBEID

Sansane

2t.
Lære om dei fem sansane våre, og korleis dei er knytta til kroppsdelane våre.

Aktiv bruk av sansane.
Fjøset; ta, lukte, høre dyrelydar, smake på produkt og sjå.
Vere med på aktivitetar

1t.
Teikne og skrive frå turen.

Setje inn i boka.

Husdyr

3t. Lære om dei vanlegaste husdyra våre. Teikne dei de kjem til å sjå (ku, hest, høner, gris, spælsau og villsau - bruk aquarellfargar). Kva for produkt får vi frå ku, sau, gris og høner?

Besøke gamalt kulturhistorisk bruk. Sjå på produkt frå dyra, vere med på aktivitetar; t.d. farge garn, tove - få med til skulen. Elevane får med seg ull frå sauen.

2t.Tove ull, spinne ulltråd. Ulltråden kan de bruke til å setje saman boka når den er ferdig. Fått med farga garn - kan veve, og bruke som forside eller sette inn i boka.

Plantar og dyr.

Stein

2 t. Lære om dei vanlegaste plantane våre, dei vi finn på Lygra: røsslyng, klokkelyng, einer, blåbær, tytebær, tepperot, gras......

Elevane kan samle plantar og evnt. ta dei med tilbake. Finne små dyr. Samle stein - sortere dei.

Vere med på plantefarging. Røsslyng gir gult garn.

1 t.
Teikne plantane, sortere dei t.d. lyng, blomster, gras.

Kan lukte på blomstrar og smake på nektar

Nedbryting av materiale, og krinsløp der materiale vert brukt om igjen

2 t. Lære korleis nokre stoff brytast raskt ned i naturen. Andre materiale brytast langsomt ned.

Plantar vert til humus og jord eller torv.

Døme på nedbrytbare plantemateriale:sjå torv til brennsel, torv til gjødsel. Plantane drar nytte av denne gjødsla til ny vekst. Dyra spiser plantane igjen - på nytt vert det møkk - gjødsel osv.

2 t - går over tid. Forsøk med å så frø, vatne plantane, noen får gjødsel andre ikkje.

 

Opp

Tema  -  Aktivitetar   - Lygrapermen -- Undervisningsmateriell
Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund