Aktivitetar -  Undervisningsmateriell-- Litteratur  Lenkjer -
Tema - Lygrapermen - Læreplanreferansar

Undervisning - mellomtrinnet

For ein skuleklasse frå mellomtrinnet tek dagen til med film og utstilling. Deretter går vi ut på tur og er med på ulike aktivitetar på den kulturhistoriske garden og/eller i utmarka (lyngheia/fjøra). Her får elevane vere med på skjøtselsarbeid og oppleve dei mange kulturminna i landskapet. Midt på dagen tek vi matpause.

I oversikten, aktivitetar gjennom året, nedanfor vil du sjå kva 5. - 7. klasse kan vere med på frå månad til månad gjennom året. Dersom det er spesielle tema klassen vil ta opp, tilpassar vi opplegget etter ynskje. I Lygrapermen finn de bakgrunnsstoff til aktivitetane.

Pris kr 35,- pr elev. Opplegg frå 3 - 5 timar.
Einstapeslått

Tema
Her er nokre døme på tema vi kan ta opp, og som klassen kan jobbe med både før og etter eit besøk til Lyngheisenteret. Det er alltid ein fordel om elevane er noko førebudde i fagstoffet. For oversikt over lærarplanar og aktivitetar sjå her.
5. klasse 6. klasse 7. klasse
Skjøtsel av kulturlandskap Skjøtsel av kulturlandskap Skjøtsel av kulturlandskap
Istid, landformer og geologi Plantar og dyr i lyngheia Livet ved fjøra
Byggjeskikk og kulturminne Vikingtid og mellomalder Plantar og dyr i lyngheia
Bronselader og jernalder Overnattingstur i telt  
Plantar og dyr i lyngheia    

* Skjøtsel av kulturlandskap
Elevane får vere med på skjøtselsarbeid i utmarka som t.d lyngslått om hausten og einstapeslått om våren. Om våren kan de sjå korleis ein tar torv til gjødsel og torv til brensel. Tidleg om våren vert lyngen svidd og to gonger i året sanker vi villsau.

* Istid, landformer og geologi.
Kva skjedde då isen smelta? Kor høgt har havet stått på Lygra?
Vi ser på strandlinja som har flytta seg og spor etter kvar isen har jobba.
Kva type bergartar har vi? Vi ser på berggrunn og stein som er forma av isen.

* Byggjeskikk og kulturminne
Kva er eit kulturminne? Kva for byggjemateriale har folk nytta? Kva vert ulike bygg og anlegg nytta til?
Vi ser på steingardar og ulike bygningar som gardflor, torvhus og moldhus i lyngheilkandskapet.
Kva er typisk vestnorsk byggjeskikk for våningshus og driftsbygning?
Vi ser på lemstove og grindbygd løe. Elevane kan sjølv få setja opp ein modell av eit grindverksbygg.

* Bronselader og jernalder
Kva for viktige forbetringar for folk skjedde i denne tidsepoken? Kva fekk reiskap av jern å seia for korleis folk levde og utnytta naturen? Korleis endra landskapet seg med desse nyvinnngane?
Vi fekk faste gardsanlegg i jernalder. Vi ser på ljåen som gjorde at folk kunne ta til å slå gras og etablere enger, og slå lyng. Elevane får slå med ljå, vi slår lyng, bregnar eller gras. Vi ser på gravhaug frå yngre jernalder.

* Plantar og dyr i lyngheia

Kva for plantar og dyr kan vi finne i lyngheia? Kva er eit kulturlandskap? Korleis må planter og dyr tilpasse seg bruken i lyngheia (t.d beite og brann)?
Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei?
Kva kan vi bruke ulike plantar til? Nokre plantar kan vi ete, andre er giftige.

* Vikingtid og mellomalder
Kva spor kan vi finne i landskapet frå vikingtid?
Vi leiter etter gravhaugar, kolmiler og ein gamal gard. Vi må dra med båt over til Lurekalven for å sjå spor etter eit gardsanlegg frå vikingtid og mellomalder. Ein ser kvar våningshus med eldstad har lege og kor driftsbygningen har stått like attmed. Kor mange menneske og dyr kan ha levd på denne garden? Nokre av funna frå arkeologiske utgravingar er utstilt i informasjonsbygget saman med ein modell av det gamle tunet.

* Overnattingstur i telt
I Naustvika nedanfor informasjonsbygningen er det fint å slå opp telt. Her er det mura opp grillplass, ta med grillkol og tennvæske. Fiskestang og redningsvestar kan vere kjekt å ha med. Det er inngang til toalett i informasjonsbygget døgnet rundt.
 

* Livet ved fjøra

Kva for plantar og dyr finn vi ved fjøra? Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei?
 

Opp
Aktivitetar gjennom året


I aktivitetskalendaren finst ein oversikt over alle aktivitetane gjennom året.

Januar - februar  
Innmark Husdyra. Kyrne, sauene, hesten, hønene er innomhus
Hakke lyng til fôr og einstape o.l. til strø
Utmark Samle tang til fôr eller til kompostering (gjødsel)
 

Ull og ullprodukt
Byggjeskikk og kulturminne

Mars - april  
Innmark Husdyra er innomhus. Stell og fôring.
Rive mose på bøen
Hakke lyng til fôr og halm o.l. til strø
Utmark Slå lyng med ljå (til fôr i vårknipa)
Samle tang til fôr eller til kompostering
Svi lyng (opphald og litt vind)
  Byggjeskikk og kulturminne
Vikingtid og mellomalder
Mai  
Innmark Høner og gjess er rundt garden
Setje ut kålplantar
Hakke halm o.l. til strø
Utmark Kyrne, hesten, sauene og grisen er på beite i utmarka
Villsausanking (to dagar)
Rake mold til strø (pent, stille vêr)
Spa torv til brensel (demonstrasjon)
Samle tang til fôr eller til kompostering (gjødsel)
  Livet i fjøra
Plantar og dyr i lyngheia
Istid og landformer.
Byggjeskikk og kulturminne
Vikingtid og mellomalder
Juni  
Innmark Hesje/snu graset på enga
Hakke halm o.l til strø
Utmark Dyra på beite
Slå einstape med ljå, tørke på bakken
Rake mold til strø (pent, stille vêr)
Spa torv til brensel (demonstrasjon)
Samle tang til fôr eller til kompostering (gjødsel)
 

Livet i fjøra
Plantar og dyr i lyngheia
Istid og landformer.
Byggjeskikk og kulturminne
Vikingtid og mellomalder

August  
Innmark Hakke halm o.l. til strø
Skrapeslått med ljå. Rake og lagre.
Utmark Dyra på beitet
Slå lyng med ljå (tørkast til fôr)
Rake tørka einstape og bere til lagring (strø)
Samle tang til fôr eller til kompostering
  Livet i fjøra
Istid og landformer.
Vikingtid og mellomalder
Plantar og dyr i lyngheia
Plantefarging
Byggjeskikk og kulturminne
September  
Innmark Skuronn; skjære korn, setje i stakk
Skrapeslått med ljå. Rake og lagre.
Utmark Dyra på beite
Slå lyng med ljå
Rake tørka einstape og bere til lagring

Samle tang til fôr eller til kompostering
  Livet i fjøra
Plantar og dyr i lyngheia
Plantefarging
Istid og landformer. Steinalder og buplassar.
Byggjeskikk og kulturminne
Vikingtid og mellomalder
Oktober  
Innmark Husdyra er innomhus
Rake lauv, frakte til garden
Hakke lyng til fôr til kyrne og halm o.l. til strø
Utmark Slå lyng med ljå
Samle tang til fôr eller til kompostering
Villsausanking (to dagar, Utlurmarka og Lurekalven)
  Istid og landformer. Steinalder og buplassar.
November  
Innmark Husdyra er innomhus
Treske og drøfte korn, demonstrasjon og prøving
Rake lauv
Hakke lyng til fôr for kyrne og halm o.l. til strø
Utmark Samle tang til fôr og kompostering
Ullprodukt
Desember  
Innmark Husdyra er innomhus
Hakke lyng til fôr for kyrne og halm til strø
Utmark Samle tang til fôr og kompostering


Opp
Læreplanreferansar
Aktivitetane er knytta til delmål i læreplanen for 5. klasse, 6. klasse og 7. klasse.

 Trinn Referanse frå læreplan Aktivitetar. Tema/Prosjekt
5.klasse     NATURFAG  
MANGFALDET I NATUREN
- undersøkje naturtypar som til dømes skog og kulturlandskap som leveområde for dyr og planter og bruke enkle metodar til å identifisere nokre dyreartar
- arbeide med enkle samanhengar mellom bygnad, levesett og miljø for eit utval dyre- og planteartar

STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK
- lære namn på nokre vanlege mineral og bergartar, undersøkje nokre bergartar i lokalmiljøet, sortere dei etter lett observerbare eigenskapar og undersøkje korleis dei blir brukte


Smådyr i lyngheia
Plantar i lyngheia
Livet i fjøra
Røsslyng
Torvmose


Geologien på Lygra

SAMFUNNSFAG  
HISTORIE - FRÅ DEI ELDSTE TIDENE OG FRAM TIL OM LAG ÅR 1750
- søkje informasjon om bronsealder og jernalder i Noreg og Norden, og om korleis bruk av ny teknologi og reiskapar gjorde livet annleis og lettare enn i steinalderen

GEOGRAFI - OMVERDA VÅR
- gjere seg kjende med ulike typar landskap og sjå kva istida har hatt å seie for utviklinga av landskap på heimstaden og i landet vårt. Arbeide med landskap i heimfylket og grannefylka og med bruken av areal i sin eigen kommune, og strid som kan stå om slike spørsmål


Bronsealder og Jernalder






Istid og landformer
Geologien på Lygra
KUNST- OG HANDVERK  
SKULPTUR OG BRUKSFORM
- bli kjent med ulike stilarter og hustyper i nærmiljøet, og få anledning til å møte og samtale med lokale utøvere, f eks arkitekter, kunsthåndverkere og håndverkere

Byggjeskikk og kulturminne
KROPPSØVING  
UT I NATUREN
- få erfaring med dagsturar og opphald i ulike miljø med tanke på å lære om kva vêr, klede, matlaging og utstyr har å seie når ein er ute til ulike årstider
 

6 . klasse
       

NATURFAG
 
 MANGFALDET I NATUREN
- samle og undersøkje nokre planteartar/plantefamiliar medrekna døme på nokre blomsterlause planter og bruke enkle nøklar til å identifisere artar
- lære om levestad og namn til nokre soppar og lav og den rolla dei spelar i naturen
- arbeide med næringskjeder og fotosyntesen, og med plassen planter, dyr og menneske har i ei næringskjede

STOFF, EIGENSKAPAR OG BRUK
- arbeide med døme på brensel som har vore dominerande opp gjennom tidene, teknologi brukt til utnytting av brenslet og døme på miljøkonsekvensar


Røsslyng

Torvmose

Plantar i lynghei

Smådyr i lynghei






Torv til brensel

 SAMFUNNSFAG  
HISTORIE - FRÅ DEI ELDSTE TIDENE OG FRAM TIL OM LAG ÅR 1750
- bruke ulike kjelder for å lære om dei viktigaste hendingane på vegen mot samlinga av Noreg til eitt rike. Arbeide med og utforske samfunnsutviklinga i Noreg og Norden frå vikingtida fram mot svartedauden, og bli kjende med personar som til dømes Olav den heilage og kong Sverre. Orientere seg om liv og virke hos samane i denne tidsperioden



Vikingtid og mellomalder.
Mellomaldergarden på Lurekalven


 

KROPPSØVING  
UT I NATUREN
- vere med på minst ein overnattingstur, til dømes telt, lavvo, gapahuk, om hausten/våren og få praktisk erfaring med val av leirplass, bål, og enkel matlaging, førstehjelp, val av klede og anna turutstyr
 Overnatte på Lygra

7 . klasse
      

NATURFAG
 
MANGFALDET I NATUREN
- gjere feltarbeid og bli kjende med organismar som lever i vatn, og korleis organismane er tilpassa kvarandre og miljøet dei lever i
- gjere seg kjende med næringskjeder i ferskvatn og saltvatnarbeide med eit utval pattedyr og fiskeartar i ferskvatn og saltvatn

Smådyr i fjøra
Plantar i og ved fjøra
KROPPSØVING   
UT I NATUREN
- gjennom aktivitetar få opplevingar og bli kjende med lokale tradisjonar knytte til naturen
 

Opp

 -  Aktivitetar  -Undervisningsmateriell - Litteratur - Lenkjer
Tema - Lygrapermen - Læreplanreferansar
Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund