|
Lyngheilandskapet
høyrer til blant Vest-Europas eldste menneskeskapte
landskap. Med eld, øks og beitande husdyr
begynte steinalderbøndene å ryddj
urskogen for å skape lyngheiar. Ryddjinga
tok til for fem tusen år sidan, men først
i vikingtida var heile Vest-Europas kyst omdanna
til eit ope landskap.
Kvar seinvinter/vår sto lyngheiane i brann.
For alltid å ha ung, frisk lyng til beitedyra,
må gamal lyng (10-20 år) sviast vekk.
Lyngsviing er ein kunst og ein må ha god
innsikt i metoden for å hindre voldsam brann
og ukontrollert spreiing utanfor lyngheiområdet.
I skikkeleg lynghei er det ei blanding av område
med ung og eldre lyng, slik at ein alltid har
både sommar- og vinterbeite.
Registreringar og bilete kan de leggje inn på det interaktive undervisningsprogrammet Miljølære.no sine nettsider under aktiviteten Skjøtsel av kulturlandskap og velje kystlynghei. Skulen må registrere seg som brukar før data kan leggjast inn.
Lenkjer
Floraen på Lygra
Direktoratet for brann-
og elsikkerhet
Miljølære.no
Årstid
Februar, mars, (april).
Alder
Frå 8. klasse.
|