Aktivitetar:
Mangfaldet i naturen

Smådyr i Lyngheia
Plantelivet i Lyngheia
Røsslyng
Torvmose
Geologien på Lygra
Jordsmonnet
Smådyr ved fjøra
Plantar i og ved saltvatn

Kulturminne og Kulturlandskap
Torv til gjødsel
Torv til brensel
Lyngslått
Einstapeslått
Lyngsviing
Villsausanking
Steingardar
Kartlegg kulturlandskapet
Ull og ullprodukt
Plantefarging

Aktivitetskalendar

Lyngslått
Pdf-fil heile aktiviteten

- Elevane får vere med å slå lyng frå hausten til tidelg vår.
- Dei får òg hakka lyngen før den vert gitt til kyrne.

Heilt sidan jernalderen og fram til siste verdskrig har kyrne på kysten fått lyng som vinterfôr saman med høy. Etter at gardsfolket var ferdige med håslåtten (etterslåtten) på innmarka, drog heile familien ut i "lyngskogen" for å slå lyng. Vart det fôrnaud utpå våren, gjekk gjerne bonden ut og slo meir lyng. Lyngen vart kutta, bløytt opp med vatn og blanda med lauv, høy eller tang og tare og gjerne også med litt havremjøl før den vart gitt til kyrne. Etter at kulturbeite, kunstgjødsel og kraftfôr vart vanleg frå 1950 åra, har berre nokre få kystbønder slått lyng gjennom vinteren. Likevel var det så seint som i 1980-åra at lyngslått vart fullstendig borte som driftsform i kystområda.

Registreringar og bilete kan de leggje inn på det interaktive undervisningsprogrammet Miljølære.no sine nettsider under aktiviteten Skjøtsel av kulturlandskap og velje kystlynghei. Skulen må registrere seg som brukar før data kan leggjast inn.

Lenkjer
Miljølære.no
Floraen på Lygra

Årstid
Mars, april,
september - november.

Alder
Frå 5. klasse.

Foto skular
Knarvik 22.05.02

Mathilde mars 2000

 

Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund