Aktivitetar:
Mangfaldet i naturen

Smådyr i Lyngheia
Plantelivet i Lyngheia
Røsslyng
Torvmose
Geologien på Lygra
Jordsmonnet
Smådyr ved fjøra
Plantar i og ved saltvatn

Kulturminne og Kulturlandskap
Torv til gjødsel
Torv til brensel
Lyngslått
Einstapeslått
Lyngsviing
Villsausanking
Steingardar
Kartlegg kulturlandskapet
Ull og ullprodukt
Plantefarging

Aktivitetskalendar

Hesje høy

- Elevane får vere med å snu høye som har tørka på marka.
- Dei får òg hjelpe til med å hesje høyet før det vert tatt inn i løa.

Drifta på besøksgarden er lagt om til gamal kulturhistorisk drift, slik det var før 1940. Det vil seia at dei ikkje bruker moderne maskinar og traktorar. Hesten er den viktigaste arbeidshjelpa til folket på garden. Det er berre husdyrgjødsel som vert spreia på bøen, aldri kunstgjødsel. Engvokstrane veks litt seinare og gir ikkje like mykje fôrverdi i ei slik eng som i ein moderne slåtteeng. Dyra får beite eit par vekers tid på våren, slik at grasveksten vert noko hemma. Difor vert graset slått seinare, gjerne i siste halvdel av juni og utover.

Graset vert slått med ein liten slåmaskin og langorv. Med finvêr og vind kan høyet tørke på marka og takast inn etter eit par dagar. Er det regn i vente, vert det satt opp hesjer. Tørrhøyet vert kjørt eller bore til høystålet i løa.
På Lygra forsøker dei å få tilbake ei gamal, urterik slåtteeng. Dei har sådd inn gamle engvokstrar som t.d. prestekrage, blåklokke, småengkall og følblom. Denne enga slår dei ikkje før i slutten av juli.

Lenkjer

Årstid
Juni.

Alder
Alle.

 

 

Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund