Aktivitetar:
Mangfaldet i naturen

Smådyr i Lyngheia
Plantelivet i Lyngheia
Røsslyng
Torvmose
Geologien på Lygra
Jordsmonnet
Smådyr ved fjøra
Plantar i og ved saltvatn

Kulturminne og Kulturlandskap
Torv til gjødsel
Torv til brensel
Lyngslått
Einstapeslått
Lyngsviing
Villsausanking
Steingardar
Kartlegg kulturlandskapet
Ull og ullprodukt
Plantefarging

Aktivitetskalendar

Einstapeslått
Pdf-fil heile aktiviteten

Elevane får vere med å slå einstape både vår og haust.
Dette er eit viktg arbeid av to grunnar:
- bonden bruker den tørka bregnen til strø i fjøset
- bregnen vert halde nede så ikkje den skuggar ut lyngen


Einstape er ein bregne som er svært vanleg i heile verda. Planten er både nyttig og giftig. Fram til 1950-åra var einstape ei viktig strøkjelde for bøndene. Når einstapen gulna tidleg i september, gjekk folk ut og slo planten. Den visne einstapen vart brukt til liggjeunderlag (strø) for dyra i fjøset utover hausten og vinteren. I dag har ikkje bøndene bruk for einstape til strø. Planten har difor dei siste 50 åra fått breia seg fritt i lyngheiane. Bønder i dag reknar planten som eit plagsamt ugras fordi planten er giftig for beitedyra. Planten tek over for verdifull beitemark med urter, gras og lyng.

Registreringar og bilete kan de leggje inn på det interaktive undervisningsprogrammet Miljølære.no sine nettsider under aktiviteten Skjøtsel av kulturlandskap og velje kystlynghei. Skulen må registrere seg som brukar før data kan leggjast inn.

Lenkjer
Floran på Lygra
Britisk Bregne Gruppe

Miljølære.no

Årstid
Juni, august, september.

Alder
Frå 5. klasse
.

Bilete
Knarvik barneskule 10.06.03.
Fridalen skole 12.06.03.
Hjellvik skule 16.06.03.

 

 

Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund