Aktivitetar:
Mangfaldet i naturen

Smådyr i Lyngheia
Plantelivet i Lyngheia
Røsslyng
Torvmose
Geologien på Lygra
Jordsmonnet
Smådyr ved fjøra
Plantar i og ved saltvatn

Kulturminne og Kulturlandskap
Torv til gjødsel
Torv til brensel
Lyngslått
Einstapeslått
Lyngsviing
Villsausanking
Steingardar
Kartlegg kulturlandskapet
Ull og ullprodukt
Plantefarging

Aktivitetskalendar

Dyra i utmarka

På den kulturhistoriske garden har dei ulike husdyr:
- Vestlandsk raudkolle
- Spælsau
- Gamal norsk spælsau (utegangarsau, villsau)
- Norsk jærhøne
- Brune italienere
- Gris
- Fjording

Frå midten av mai vert dyra slepte på beite i utmarka. Då går vi ein rundtur med elevane på leit etter dei ulike dyra. Kyrne og spælsauene beitar på kulturbeite og i lyngheiane heile sommarhalvåret. Sauene får noko tilleggsfôr og det vert sett ut vatn til dyra i tørre periodar. Det er gjerda inn ei eiga innhegning til dei to grisane. Fjordingen vert brukt som arbeidshest og går på beite i utmarka når ho ikkje står i stallen. Elevane får vere med på garden å sjå løa. Her går hønene fritt rundt ut og inn av hønsehuset. Den gamle norske spælsauen, eller villsauen som han ofte vert kalla, beitar i lyngheia heile året. Vi tar med elevane på ein lengre tur for å få auge på desse sauene som helst spring av garde når vi kjem for nær. Vår og haust kan elevar vere med på villsausanking.

Ein av oppgåvene til Lyngheisenteret er å ta vare på dei gamle husdyrrasene knytta til kysten og lyngheilandskapet, til dømes villsauen og vestlandske raudkolle.

Lenkjer

Årstid
Frå midten av mai til ut i oktober går dyra på beite i utmarka.

Alder
Alle.

 

 

Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund