Årsplan/Aktivitetar - Undervisningsmateriell --Litteratur  -Lenkjer

Undervisninga på Lyngheisenteret


Lyngheisenteret tilbyr undervisningsopplegg til barnehagar, skular og universitet/høgskular. Gjennom heile året er det mogeleg å drive utandørs undervisning om ulike tema knytt til kulturlandskap, landbruk, miljø, historie og geografi. Lygra ligg midt ute i Lurefjorden med interessante marine tilhøve som kan trekkjast inn i undervisninga.

 



Dagsopplegg
Undervisningsmateriell
Overnatting
Foredrag/orientering
Praktiske opplysningar

Uteaktivitetane femnar om alt frå praktisk gardsarbeid og tradisjonell bruk av utmarka, til enklare registreringsarbeid for bruk i den vidare utforskinga av miljøtilhøva på Lygra. Alle oppgåvene skal medverke til heilskapleg forståing av korleis det tradisjonelle kulturlandskapet er eit resultat av gardsdrifta og ei berekraftig utnytting av ressursane på kysten.

Undervisningsmateriell


Foto frå skulebesøk
Eropa Nostra, HKH Prins Henrik 3.06.05
Hjellvik 16.06.03
Fridalen 12.06.03
Knarvik 10.06.03
Stend 5.06.03
Steinerskolen 6.11.02
Sandsli vgs 5.09.02
Miljøvernminister 28.05.02
Knarvik 22.05.02
Slåtthaug vgs 7.05.02
Mathilde mars 2001
Ravnanger 5.09.00
 

Opp
Dagsopplegg
Opplegget for ein skuleklasse tek mellom 3 - 5 timar. Lengre tid kan avtalast spesielt.
Alle får sjå film og utstilling.
Aktivitetskalendaren gir ein oversikt over aktivitetar på garden og i lyngheia.
Kvar enkelt klasse avtalar konkrete opplegg med undervisningsleiar.

1. Barnehage

Turar rundt den kulturhistoriske garden og i fjøra
2. Småskulen Turar og enkle aktiviteter på den kulturhistoriske garden, i lyngheia og ved fjøra.
3. Mellomtrinnet     Aktivitetsbaserte turar på den kulturhistoriske garden, i lyngheia og ved fjøra.
4. Ungdomsskule Aktivitetsbaserte turar på den kulturhistoriske garden, i lyngheia og marine område.
5. Vidaregåande skule      Fagleg tematiserte turar i lyngheia, marine område, og gardsområda knytt til ekskursjonar eller prosjektarbeid.
6. Universitet/høgskule Fagleg tematiserte turar i lyngheia, marine område, og gardsområda knytt til ekskursjonar og spesielle fagdagar.
7. Kurs for lærarar Kystkultur og kulturlandskap, skjøtsel av kulturlandskap i undervisninga.



Opp
Undervisningsmateriell
  • I Lygrapermen finn du aktivitetsark som inneheld idèar til gjennomføring og bakgrunnsstoff om dei fleste aktivitetane elevane kan vere med på. Arka kan sendast gratis til skulen etter avtale. Her finn du aktivitetsarka i ein kortversjon. I aktivitetskalenderen finn du ein fullstendig oversikt over aktivitetane året rundt på Lyngheisenteret.

  • På sida med meir litteratur er det ein oversikt over bøker, artiklar og rapportar om kystlynghei, kultur- og naturhistorie som eignar seg godt til fordjupingsstoff for dei som skal på ekskursjonar, skrive rapportar eller har prosjektoppgåver på Lygra.

    5 enkle spørsmål om lynghei

  • På sidene om Europas Lyngheier finst mykje fagstoff som elevar kan nytte i for- og ettarbeid i tilknytting til eit besøk på Lyngheisenteret. Sidene er ein kortversjon av boka "Fem tusen år med flammer".

  • Boka "Fem tusen år med flammer. Det europeiske lyngheilandskapet." kan bestillast og kjøpast ved Lyngheisenteret. Boka tar for seg europas lyngheiar på ein grundig og lettoppfatteleg måte, den er rikt illustrert og eignar seg som støttelitteratur i undervisningssamanheng. Pris kr 249,-.

  • Heftet "Fem tusen år med flammer. Det europeiske lyngheilandskapet." er ein kortversjon av boka nemnt ovanfor og kan bestillast frå Lyngheisenteret. Den eignar seg godt for ei enkel innføring i kystlyngheiar før eit besøk til Lygra. Pris kr 39,-.

  • Lenkjer

Opp
Overnatting
Lygra Gjestegard har plass til 20 gjestar. Klassen kan overnatte ute i det fri eller i telt på tilvist plass i utmarka ved Lyngheisenteret. Det er mange fine fiske- og badeplassar og moglegheiter for å låne robåt.



Foredrag/orientering

Vi kan halde 1-2 timar foredrag for lærarkollegium om kulturlandskap i undervisninga før eit besøk til Lyngheisenteret
.


Opplysningar 2005
Tid: Kvardagar frå 1. mai - 30. september, 2-5 timar
Deltakarar: Maks 2 skuleklassar (eller etter avtale)
Reiserute: Buss frå Bergen 1 time (for tinging kontakt HSD eller GAIA).
Det går buss frå Bergen til Lygra, rutetider Bergen-Feste.
Snøggbåten
frå Bergen ca 45 min.
Pris: 35,- pr. elev inkl. lokal lærar (reise vert ikkje dekt)
Bestilling: Lyngheisenteret, tlf. 56 35 64 10 eller 55 58 3335
Sjå også Den kulturelle skolesekken
Servering: Matstove ope frå 1200 - 1600. Grillplass i Naustvika

Opp


Årsplan/Aktivitetar  -Undervisningsmateriell - Litteratur  -Lenkjer
Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund