Opningstider 2010

   Kva skjer ?

   Kart og transport

    Kontakt oss

    Startside

                                

Småskulen    1- 4 klasse            

På småskuletrinnet foregår undervisninga i informasjonsbygget (klasserom, film og utstilling) Turane kan også gå ut i lyngheia og ned til fjøra.



 Dersom det er spesielle tema klassen vil ta opp tilpassar vi opplegget etter ynskje. I Lygrapermen finn de bakgrunnsstoff til aktivitetane.

Pris kr 35,- pr elev. Opplegg frå 3 - 5 timar.
 

 
Gardsbesøk
Etter avtale er det også mogeleg å koma på gardsbesøk på Luregarden. 
Luregarden blir dreven av Erik Havorsen og Annette Münster. Dei driv økologisk - og har poter, grønnsaker urter. Av dyr har dei villsauer, griser, kalver av Vestlandsfjordfe og høner

Tema
Her er nokre døme på tema vi kan ta opp, og som klassen kan jobbe med både før og etter eit besøk til Lyngheisenteret. Det er alltid ein fordel om elevane er noko førebudde. 



Kulturminne på Lygra
Kva er eit kulturminne? Vi går på leiting i landskapet etter bygg, anlegg og spor etter menneske.
Kva vert bygningar og t.d steingardane nytta til?
Kan vi finne gravhaugar og kolmiler frå vikingtida?
Vi kan ta båt over til øya Lurekalven der det ligg spor etter eit gardsanlegg frå vikingtid/mellomalderen.




  Istid og landformer. Steinalder og buplassar. 

Kva skjedde då isen smelta? Kor høgt sto havet på Lygra?
Vi ser på strandlinja som har flytta seg, berggrunn og stein som er forma av isen.
Kor budde folk i steinalderen og kva levde dei av?
Turen vert ei vandring i tid frå der gardane ligg i dag og utover i lyngheilandskapet på leiting etter kor folk budde i steinalderen før folk tok til å dyrke jorda.
Turen egner seg godt for 4. klasse.

 











Plantar og dyr i lyngheia

Kva for plantar og dyr kan vi finne i lyngheia? Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei? Er det nokre fuglar vi kjenner att?
Kva kan vi bruke ulike plantar til? Nokre plantar kan vi ete, andre er giftige.
Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no