|
Opplevingar
Landskapet
På Ytre Lygra er det tilrettelagt over 4 km med
stiar på inn- og utmark. Vandringa kan starte
på innmarka ved p-plassen.
I
Informasjonsbygget kan du kjøpe kart og ein foldar
med informasjon om kva du ser i landskapet. Du kan og
avtale stivandring med ein guide
Senteret
er etablert i nært samarbeid med dei lokale grunneigarane.
Dei held det vakre kulturlandskapet på Lygra i hevd
gjennom aktiv gardsdrift på tradisjonelt vis med
beite av utegangarar (villsau), lyngbrenning og slått.
Samstundes er heile utmarka tilrettelagt for friluftsliv,
m.a. gjennom eit omfattande system av idylliske turstiar
|
Lurekalven

Lurekalven er namnet på øya like nord
for Lygra, og den er ein del av Lyngheisenteret.
Middelaldergarden
Dette
var ein sjølvstendig gard i vikingtid og middelalder,
men den har lege aude sidan svartedauen.

Øya har sidan berre vært brukt til beite,
og heilt fram til slutten av 1920-åra blei mjølkekyrne
på Ytre Lygra rodd over her om somrane.
Dei urørte
spora etter bosetning og landbruk frå vikingtid
og middelalder blei delvis gravd fram på 1970-talet.
Nokre av funna er utstilt i informasjonsbygget saman
med ein modell av det gamle tunet.
På
Lurekalven kan du verkeleg føla at fortida pustar
deg i nakken!
|
Sjøen
Folket på Lygra har alltid hatt eit nært
forhold til sjøen. I Utlurvågen er det
eit tradisjonelt sjøbruksmiljø med fleire
restaurerte naust.

I Naustvika lenger ute er det flott
å bade og grille.
Lyngheisenteret
har fleire mindre båtar, desse vert særleg
brukt til å frakte folk over til øya Lurekalven
med middelaldergarden.

Lindåsosane og Lurefjorden
eit eldorado for padling og sjøliv !


|
Huset

Informasjonsbygget er det einaste huset på Lygra
som har kome til som eit nybygg gjennom Lyngheisenteret.
Det er eit heilt moderne bygg, men med element frå
tradisjonell byggeskikk.

Her
er Matstove med vakker utsikt
til fjorden (70 pers), møterom/klasserom (30
pers), auditorium med moderne fasiliteter (70 pers)
og utstilingslokale.
Huset kan leigast til kurs og konferansar
og er eit veleigna selskapslokale og konsertlokale.
|
Utstillinga
og filmen
I informasjonsbygget kan du få vita meir om lyngheiene
gjennom utstillinga "Det stig av hav..." Den
syner ulike sider ved både dei norske og dei europeiske
lyngheiane.
Det vert og vist dokumentarfilm om eit eldre syskenpar
som syner korleis lyngheiane vart drivne på opphaveleg
vis.
Maten
Sjølvsagt må du ha ein matbit når du
vitjar Lygra! I Matstova har vi alt frå ferske vaflar
til lunsj og middag.
Spesialiteten vår er villsau, som vert servert i
ulike variantar. Vi får også lokaltprodusert
grønnsker og poteter frå Luregarden.
Her kan du feire både bryllup,
åremålsdagar, julebord og andre arrangement.
Vi har alle rettigheter.
|