Landskapet
På Ytre Lygra er det tilrettelagt over 4 km med stiar på inn- og utmark. Vandringa kan starte på innmarka ved p-plassen.

I Informasjonsbygget kan du kjøpe kart og ein foldar med informasjon om kva du ser i landskapet. Du kan og avtale stivandring med ein guide


Lurekalven
Lurekalven er namnet på øya like nord for Lygra, og den er ein del av Lyngheisenteret. Dette var ein sjølvstendig gard i vikingtid og middelalder, men den har lege aude sidan svartedauen.
Øya har sidan berre vært brukt til beite, og heilt fram til slutten av 1920-åra blei mjølkekyrne på Ytre Lygra rodd over her om somrane. Dei urørte spora etter bosetning og landbruk frå vikingtid og middelalder blei delvis gravd fram på 1970-talet. Nokre av funna er utstilt i informasjonsbygget saman med ein modell av det gamle tunet.
På Lurekalven kan du verkeleg føla at fortida pustar deg i nakken!


Sjøen
Folket på Lygra har alltid hatt eit nært forhold til sjøen. I Utlurvågen er det eit tradisjonelt sjøbruksmiljø med fleire restaurerte naust. I Naustvika lenger ute er det flott å bade og grille.

Lyngheisenteret har fleire mindre båtar, desse vert særleg brukt til å frakte folk over til øya Lurekalven med middelaldergarden.

.

Gardane
Heile arealet på Lyngheisenteret er framleis i privat eige. Det er inngått avtalar mellom grunneigarane og Stiftinga Lyngheisenteret for å sikre drifta i framtida. Det er fem bruk på Ytre Lygra. Av desse er det to som er i aktiv drift, men all jorda er i hevd.

Den kulturhistoriske garden vert drive om lag som i 1940-åra med hest og gamle husdyrrasar. Her kan du være med på aktiviteter, eller sjå tradisjonelt utstyr verte brukt i den daglege drifta.

På den moderne garden er det melkeproduksjon som på ein vanleg vestlandsgard i dag. Her vil du kunne sjå korleis ein moderne bonde arbeider.

Hanna og pusen



Huset
Informasjonsbygget er det einaste huset på Lygra som har kome til som eit nybygg gjennom Lyngheisenteret. Det er eit heilt moderne bygg, men med element frå tradisjonell byggeskikk.

Her er Matstove med vakker utsikt til fjorden (70 pers), møterom/klasserom (30 pers), auditorium med moderne fasiliteter (70 pers) og utstilingslokale. Huset kan leigast til kurs og konferansar og er eit veleigna selskapslokale.


Utstillinga og filmen
I informasjonsbygget kan du få vita meir om lyngheiene gjennom utstillinga "Det stig av hav..." Den syner ulike sider ved både dei norske og dei europeiske lyngheiane.

Det vert og vist dokumentarfilm om eit eldre syskenpar som syner korleis lyngheiane vart drivne på opphaveleg vis.


Ferdaminne
I den vesle butikken vår kan du kjøpa ulike produkt som har tilknytning til kulturlandskapet.
Her er mellom anna bøker, tre- og ullarbeid av lokale kunstnarar, og materiale til at du kan lage dine eigne ferdaminne. Honningen frå Lygra bør du få med deg!


Maten
Sjølvsagt må du ha ein matbit når du vitjar Lygra! I Matstova har vi alt frå ferske vaflar til lunsj og middag.

Spesialiteten vår er villsau, som vert servert i ulike variantar. Her kan du feire både bryllup, åremålsdagar, julebord og andre arrangement. Vi har alle rettigheter. Meny.


Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund