Om
Lyngheisenteret
( Lyngheiene)
Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er eit informasjonssenter
om kystlandskapet.
Her kan du vandre på tilrettelagde stiar i eit historisk
landskap slik det har vore på kysten i 5000 år.
Lyngheiane
er Europa sitt kulturlandskap mot Atlanterhavet, frå
Potugal i sør til Lofoten i nord. I dag står
denne særmerkte naturtypen i fare for å forsvinna.
Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er oppretta
for å ta vare på kysten sitt kulturlandskap
og for å hegna om den kunnskapen og dei tradisjonane
som knyt seg til bruken av dette landskapet.
I
dag held lyngheiene i Norge og Europa på å forsvinne,
90 % er alt borte på grunn av oppdyrking, forureining
og tilgroing. På Lygra er lyngheiene verna gjennom aktiv
gardsdrift.
|
Gardane
på Ytre Lygra
Senteret
er etablert i nært samarbeid med dei lokale grunneigarane.
Dei held det vakre kulturlandskapet på Lygra i hevd
gjennom aktiv gardsdrift på tradisjonelt vis med
beite av utegangarar (villsau), lyngbrenning og slått.
Samstundes er heile utmarka tilrettelagt for friluftsliv,
m.a. gjennom eit omfattande system av idylliske turstiar
|
Lyngheisenteret
er i dag
den einaste staden i Europa der du kan oppleve
autentiske lyngheier drivne av lokale bønder, og
som samstundes er tilrettelagt for publikum.
Lyngheisenteret
fekk i 2001 UNESCO
sin globale kulturlandskapspris for arbeidet med å
verne kulturlandskapet.
I 2005 vart Lyngheisenteret tildelt Eruoparådet -
Europa Nostra sin kulturlandskapspris, 'for
its pioneering role in the protection of authentic
heathland, and the maintenance of its biological
diversity and traditional knowledge'
EUROPANOSTRA
|
Organisasjon
Lyngheisenteret er ei halvoffentleg stifting som vart oppretta
i 1999.
Stiftarane er:
Hordaland
fylkeskommune
Universitetet i Bergen
Lindås kommune
Grunneigarane på Ytre Lygra
Regionrådet i
Nordhordland og Gulen
Nordhordland handtverk- og industrilag
Museumssenteret
i Hordaland
Lyngheisenteret vart i 2007 konsolidert saman med
Museumssenteret i Salhus.
( Skifta namn til
Museumssenteret i Hordaland i juni 2008))
Drifta av Lyngheisenteret er difor overført til
Museumssentert i Salhus.Stiftinga Lyngheisentert er no
ei eigedomstifiting.
I den konsoliderte eininga er:
Bevaringsteneste for
Hordland,
Havråtunet
Lyngheisenteret
Osterøy museum
Norsk Trikotasjemuseum
Museumsteneste i Nordhordland Museumstenste for Bergen.
|