Opningstider 2010

   Kva skjer ?

   Kart og transport

    Kontakt oss

    Startside

                                

Undervisning - mellomtrinnet  5 -7 klasse 

 For ein skuleklasse frå mellomtrinnet tek dagen til med film og utstilling. 
Deretter går vi ut på tur og er  med på ulike aktivitetar  i utmarka (lyngheia/fjøra). 

Her får elevane vere med på skjøtselsarbeid og oppleve dei mange kulturminna i landskapet. Midt på dagen tek vi matpause.

Dersom det er spesielle tema klassen vil ta opp, tilpassar vi opplegget etter ynskje. 

I
  Lygrapermen finn de bakgrunnsstoff til aktivitetane.

Pris kr 35,- pr elev. Opplegg frå 3 - 5 timar.


  Overnattingstur i telt
I Naustvika nedanfor informasjonsbygningen er det fint å slå opp telt. Her er det mura opp grillplass, ta med grillkol og tennvæske. Fiskestang og redningsvestar kan vere kjekt å ha med. Det er inngang til toalett i informasjonsbygget døgnet rundt.

 Tema
Her er nokre døme på tema vi kan ta opp, og som klassen kan jobbe med både før og etter eit besøk til Lyngheisenteret. Det er alltid ein fordel om elevane er noko førebudde. 



Skjøtsel av kulturlandskap
Elevane får vere med på skjøtselsarbeid i utmarka som t.d lyngslått om hausten og einstapeslått om våren. Om våren kan de sjå korleis ein tar torv til gjødsel og torv til brensel. Tidleg om våren vert lyngen svidd og to gonger i året sanker vi villsau.


Kulturminne på Lygra
Kva er eit kulturminne? Vi går på leiting i landskapet etter bygg, anlegg og spor etter menneske.

Kva vert bygningar og t.d steingardane nytta til?
Kan vi finne gravhaugar og kolmiler frå vikingtida?
Vi kan ta båt over til øya Lurekalven der det ligg spor etter eit gardsanlegg frå vikingtid/mellomalderen.



Istid og landformer. Steinalder og buplassar. 

Kva skjedde då isen smelta? Kor høgt sto havet på Lygra?
Vi ser på strandlinja som har flytta seg, berggrunn og stein som er forma av isen.
Kor budde folk i steinalderen og kva levde dei av?
Turen vert ei vandring i tid frå der gardane ligg i dag og utover i lyngheilandskapet på leiting etter kor folk budde i steinalderen før folk tok til å dyrke jorda.
Turen egner seg godt for 4. klasse.





Vikingtid og mellomalder

Kva spor kan vi finne i landskapet frå vikingtid?
Vi leiter etter gravhaugar, kolmiler og ein gamal gard. Vi må dra med båt over til Lurekalven for å sjå spor etter eit gardsanlegg frå vikingtid og mellomalder. Ein ser kvar våningshus med eldstad har lege og kor driftsbygningen har stått like attmed. Kor mange menneske og dyr kan ha levd på denne garden? Nokre av funna frå arkeologiske utgravingar er utstilt i informasjonsbygget saman med ein modell av det gamle tunet.


Plantar og dyr i lyngheia
Kva for plantar og dyr kan vi finne i lyngheia? Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei? Er det nokre fuglar vi kjenner att?
Kva kan vi bruke ulike plantar til? Nokre plantar kan vi ete, andre er giftige.

Bronselader og jernalder
Kva for viktige forbetringar for folk skjedde i denne tidsepoken? Kva fekk reiskap av jern å seia for korleis folk levde og utnytta naturen? Korleis endra landskapet seg med desse nyvinnngane?
Vi fekk faste gardsanlegg i jernalder. Vi ser på ljåen som gjorde at folk kunne ta til å slå gras og etablere enger, og slå lyng. Elevane får slå med ljå, vi slår lyng, bregnar eller gras. Vi ser på gravhaug frå yngre jernalder.

 Livet ved fjøra
Kva for plantar og dyr finn vi ved fjøra? Vi samlar inn plantar og smådyr og sorterer dei. Kan vi setja namn på dei?

Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no