|













|
|
Kart
Kart over Nordhordland.
Lyngheisenteret ligg på den landfaste øya Lygra
i Lurefjorden, Lindås kommune. Hit kan du komme både
med bil og båt.
|
|
|
|
Sjøvegen:
På vestsida av Ytre Lygra er det ein eigen flytekai
for Lyngheisenteret. Her stoppar ekpressbåten frå
Bergen eller Sogn og Nordfjord. Rutetider
Fylkesbaatane. NB! Husk å bestille i forkant!
Kvar
søndag frå 20. juni til 22. august går M/S
Granvin eller tilsvarande veteranbåt frå
Dreggekaien kl. 11:00 og er på Lyngheisenteret kl. 13:15.
Båten er tilbake i Bergen kl. 18:35.
Billett: kr 325,- for vaksne, inkluderer adgang til Lyngheisenteret.
Sjå her for meir info.
På
flytekaien er det også fint å legge til med fritidsbåtar,
men vær merksam på at plassen er begrensa.
|

|
|
Landevegen:
Det går buss frå Bergen til Lygra, rutetider
Bergen-Feste. Det er også mogleg å tinge turbuss
for grupper (HSD eller GAIA).
Med bil tar det ca 30 min frå Knarvik (regionsenteret
i Nordhordland), og 50 min frå Bergen sentrum. Følg
E 39 nordover frå Bergen, i rundkjøringa før
Knarvik ta til venstre (RV57) mot Leirvåg(Mongstadvegen),
følg rv 57 til Seim og følg skiltinga vidare til
Lyngheisenteret.
|
|
|
Oversikt
Ytre Lygra:
Lyngheisenteret omfattar dei 5 gardsbruka på Ytre Lygra,
med til saman 260 dekar innmark og vel 1500 dekar utmark, for
det meste lyngheiar. I tillegg høyrer Lurekalven med
over 900 dekar lyngheiar til desse gardane. Om du kjem med bil
er den indre parkeringsplassen (attmed den nye rundkjøyringa
for buss) eit fint utgangspunkt for turar:
- Til
Utlurvågen med det restaurerte naustmiljøet
-
Vidare utover langs vegen til utmarken og Informasjonsbygget.
Då kan du samstundes oppleva dei ulike gardane og
sjå korleis dei vert drivne.
-
Langs stien til Informasjonsbygget gjennom beiteområda
på austsida av øya. Om du er heldig kan du
treffa både kyr, sauer, hest og grisar langs med denne
stien.
For
dei som er svakeleg til beins er det råd å kjøyra
heilt ut til Informasjonsbygget. Her er det og ei lita parkeringsplass.
I informasjonsbygget kan du m.a. kjøpa kart over Ytre
Lygra, og ein faldar med informasjon om kva du kan sjå
ute i landskapet.
|
 |
|
|