| Lyngheiane
er Europa sitt kulturlandskap mot Atlanterhavet, frå
Potugal i sør til Lofoten i nord. I dag står
denne særmerkte naturtypen i fare for å forsvinna.
Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er oppretta
for å ta vare på kysten sitt kulturlandskap
og for å hegna om den kunnskapen og dei tradisjonane
som knyt seg til bruken av dette landskapet. |
Senteret
er etablert i nært samarbeid med dei lokale grunneigarane.
Dei held det vakre kulturlandskapet på Lygra i hevd
gjennom aktiv gardsdrift på tradisjonelt vis med
beite av utegangarar (villsau), lyngbrenning og slått.
Samstundes er heile utmarka tilrettelagt for friluftsliv,
m.a. gjennom eit omfattande system av idylliske spaserstiar. |
Lyngheisenteret
skal gjera det mogeleg for framtidige generasjonar å
oppleva det tradisjonelle kystlandskapet og læra
om korleis ressursane her har vore utnytta. Difor vert
det lagt stor vekt på fagformidling og undervisingstilbod
for skuleelevar og studentar på alle nivå.
Her er og eit moderne informasjonsbygg med matservering,
utstilling, filmframsyning og andre tilbod til senteret
sine gjestar. |