Prosjektet
starta på Ytre Lygra i 1996. Artsrike slåttenger som var vanlege på Lygra tidlegare, er blitt borte på grunn av sterk gjødsling og tidleg slått. Det var ønskeleg å etablere ei ny artsrik eng på ’Den gamle kulturhistoriske garden’ for å kunne vise artsrikdom og variasjon. Forsøksområdet er beita av sauer og/eller storfe i korte periodar om våren og om hausten og blir slått ein gong, seint i juli eller seinare. Arealet blir ikkje gjødsla.
Frø frå låvegolv, der det blir lagra høy frå ei artsrik eng på Selsvold i Fusa om vinteren, blei sådd ut i eit forsøksfelt på innmark på Lygra. Plantar av artar som ikkje spirte frå frøblandinga, men som veks på Selsvold, blei flytta frå Selsvold til Lygra som utvokste plantar og planta i forsøksfeltet. Målet var å etablere ei artsrik slåtteng på Lygra.
Dei fleste isådde artane blei overført frå Selsvold til Lygra, sidan dei spirte og etablerte seg der. Bare nokre få av dei transplanterte artane auka i frekvens, dei fleste minka frå 2000 til 2004. Det ser ut til å vere lett å etablere ei slåttemark på denne måten, men vanskeleg å få med alle artane.
For meir info om prosjektet gå til pdf-fil i prosjektdatabasen til LYNET.
|