Forskingsprosjekt på Lygra


Restaurering av kystlynghei

Vegetasjonsendringer i vestnorsk kystlynghei – effekter av skjøtselsformene brann og sauebeite på rehabilitering av gammel lynghei på Lurekalven i Hordaland.

Kva er gjort?
Prosjektet starta på Lurekalven i 1993. Ein har brukt tradisjonelle skjøtselsmetodar som brann og sauebeite for å få tilbake lynghei i ein gamal degenerert lynghei. Etter skjøtselen har ein studert vegetasjonsstrukturen, artsmangfaldet, artssamansettinga og jordsmonnet. Vegetasjonen har endra seg til ein open og artsrik pionervegetasjon med meir gras og urter etter lyngbrannen. Sauebeite forsterkar denne effekten og endrar i nokon grad artssamansettinga.

Ein kombinasjon av lyngbrenning og sauebeite er anbefalt som skjøtselstiltak for å restaurere gjengrodde lyngheiar. Ein får då tilbake ein dynamisk vegetasjonstype og bevarar naturtypen sitt biologiske mangfald.

For meir info om prosjektet gå til pdf-fil i prosjetkdatabasen til LYNET.
Vidareføring Prosjektet vert fulgt opp ved doktorgradsstudier av Inger E. Måren (Institutt for biologi, Universitetet i Bergen).
Kven? Prosjektet vart starta opp av Per Aril Aarrestad ved NINA (norsk institutt for naturforsking) og Vigdis Vandvik ved Institutt for biologi, Universitetet i Bergen.

Kontakt:vigdis.vandvik@bio.uib.no
Publikasjonar/
rapportar
Vandvik V., Heegaard E., Aarrestad P.A. & Måren I.E. (2005). Managing heterogeneity: the importance of grazing and environmental variation on post-fire succession in heathlands. Journal of Applied Ecology, in press.

Aarrestad, P.A. & Vandvik, V. (2000).
Vegetasjonsendringer i vestnorsk kystlynghei - effekter av skjøtselsformene brann og sauebeite ved rehabilitering av gammel lynghei på Lurekalven i Hordaland. - NINA fagrapport 044:1-60.

Aarrestad P.A. & Vandvik V. (1997). Leptodontiun flexifolium (Dicks.) Hampe new to Norway from a burnt Calluna heath. Lindbergia 22: 31-32.

Aarrestad P.A., Vandvik, V., & Dommarsnes, S. (1996). Reetablering av kystlynghei ved hjelp av brenning og sauebeite – effekter på vegetasjon og jordsmonn. Statusrapport 1995. Universitetet i Bergen Botanisk Institutt Rapport s. 1-81.

Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund