Forskingsprosjekt på Lygra


Bekjemping av einstape i kystlynghei

Bekjemping av einstape i vestnorske kystlyngheier - effekter av slått, knekking og sprøytemidlene gratil og asulam.

Kva er gjort?

Prosjektet starta på Ytre Lygra i 1997. Einstapen har blitt eit stort problem i lynghei der den spreiar seg etter lyngsviing. For å kontrollere einstapen har ein sett på effektar av slått ein og to gonger i vekstsesongen, knekking og sprøytemidla gratil og asulam. Etter fleire år med skjøtsel har ein også studert korleis vegetasjonen endrar seg etter sprøyting og slått.

Slått to gonger i året i to år er eit godt alternativ til å sprøyte med asulam eller gratil. Bestanden er redusert med meir enn 80% etter 2 år med alle dei tre metodane. Første slåtten må vere i midten av juni når blada foldar seg ut, andre slåtten 6 veker seinare. Sprøyting krevjer oppfølging med årleg slått eller punktsprøyting. Bådde asulam og gratil reduserer veksten til enkelte urter og gras etter sprøyting, lyngen ser ut til å auke etter skjøtselstiltaka.

For meir info om prosjektet gå til pdf-fil i prosjektdatabasen til LYNET

Vidareføring Prosjektet vert fulgt opp ved Doktorgradsstudier av Inger E. Måren (Institutt for biologi, Universitetet i Bergen).
Kven?

Prosjektet vart starta opp av Peter Emil Kaland ved Institutt for biologi, Universitetet i Bergen, Kristine Ekelund (Lyngheisenteret på Lygra) og Vibeke Husby.

Desse er i tillegg knytta til prosjektet:
Inger Elisabeth Måren Instittt for biologi, UiB
Vigdis Vandvik Institutt for biolgi, UiB

Kontakt:kristine.ekelund@bio.uib.no / inger.maren@@bio.uib.no

Publikasjonar/
rapportar
Måren, I.E., Ekelund, K. &Vandvik, V. (2005) Einstape i det vestnorske kystlandskapet, problem eller bagatell? Naturen 2:67-76.

Måren, I.E. & Ekelund, K. 2005
. Einstape, verdens vanligste karplanteart? Blyttia (innsendt).

Ekelund,K. & Måren, I.E. (2003)
Bekjemping av einstape på Lygra og Lurekalven. Forslag til skjøtselstiltak. Lyngheisenteret 13 s.

Ekelund, K. (2002)
Bekjemping av einstape i vestnorske kystlyngheier - effekter av slått, knekking og sprøytemidlene gratil og asulam. Lyngheisenteret på Lygra. 36 s.
Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund