|













|
|
Forskingsprosjekt på Lygra
PhD prosjekt: Effektar av lyngheidrift og opphør av denne drifta
Effektar av lyngheidrift og opphør av denne på økologiske prosessar i vegetasjonen, Lygra, Vestnorge.
|
Kva
er gjort?
|
Prosjektet består av tre delprosjekt:
1) Restaurering av lynghei (sjå eiga prosjektside)
2) Bekjemping av einstape (sjå eiga prosjektside)
3)
Frøbankstudie og kronosekvensar.
1) Prosjektet har tilgang til eit datasett med 10 års tidsserie som vil fortsette. Dette inneheld permanenete ruter i brent og ikkje brent område, med og utan beitedyr.
2) Datasettet om einstapekontroll har ein 7 års tidsserie som består av ruter behandla med asulam, gratil og slått og deira effektar på artssamansetting og mengdeforhold.
3) Studiet vil sjå på kor effektivt eit kronosekvensstudie gjennspeglar verkelege eksperimentelle tidsseriar, og om dei kan erstatte tidsseriane. Hovudmålet er å studere prinsipp i vegetasjonsutvikling, vegetasjon-frøbank samanhengar og frøbanken si levetid sett i samanheng med lyngheidrift og opphør av denne drifta. Vegetasjonsdata og frøbankdata er samla inn.
Resultata skal brukast til å lage skjøtselsstrategiar for Vestnorske kystlyngheiar.
For meir info om prosjektet gå til pdf-fil i prosjektdatabasen til LYNET.
|
| Vidareføring
|
Prosjektet vert avslutta i 2008. |
| Kven?
|
Prosjektet
vert leia av Ph.D. kandidat Inger E. Måren ved Institutt
for Biologi og Bergen Museum,
Universitetet i Bergen. Desse er knytta opp mot prosjektet:
John Birks, Institutt for biologi, UiB
Vigdis Vandvik, Institutt for biologi, UiB
Peter Emil Kaland, Institutt for biologi, UiB
Per Arild Aarrestad, NINA
Kristine Ekelund, Lyngheisenteret, Lygra
Ole Reidar Vetaas, Senter for utviklingsstudier, UiB
Robin Pakeman, Macaulay Institute,
Aberdeen, UK
Kontakt: inger.maaren@bio.uib.no |
Publikasjonar/
rapportar |
Vandvik V., Heegaard E., Aarrestad P.A. & Måren I.E. (2005). Managing heterogeneity: the importance of grazing and environmental variation on post-fire succession in heathlands. Journal of Applied Ecology 42: 139-149.
Måren, I.E., Ekelund, K. &Vandvik, V. (2005) Einstape i det vestnorske kystlandskapet, problem eller bagatell? Naturen 2: 67-76.
Måren, I.E. & Ekelund, K. 2005. Einstape, verdens vanligste karplanteart? Blyttia (innsendt).
Ekelund,K. & Måren, I.E. (2003) Bekjemping av einstape på Lygra og Lurekalven. Forslag til skjøtselstiltak. Lyngheisenteret 13 s.
|
|
|
|