Opningstider 2008

   Kva skjer ?

   Kart og transport

   Kontakt oss

   Startside

                                

Forskingsprosjekt
Restaurering av kystlynghei

Vegetasjonsendringer i vestnorsk kystlynghei – effekter av skjøtselsformene brann og sauebeite på rehabilitering av gammel lynghei på Lurekalven i Hordaland.

Prosjektet starta på Lurekalven i 1993. 

Ein har brukt tradisjonelle skjøtselsmetodar som brann og sauebeite for å få tilbake lynghei i ein gamal degenerert lynghei.

Etter skjøtselen har ein studert vegetasjonsstrukturen, artsmangfaldet, artssamansettinga og jordsmonnet. Vegetasjonen har endra seg til ein open og artsrik pionervegetasjon med meir gras og urter etter lyngbrannen. 

Sauebeite forsterkar denne effekten og endrar i nokon grad artssamansettinga.

Ein kombinasjon av lyngbrenning og sauebeite er anbefalt som skjøtselstiltak for å restaurere gjengrodde lyngheiar. Ein får då tilbake ein dynamisk vegetasjonstype og bevarar naturtypen sitt biologiske mangfald.

For meir info om prosjektet gå til pdf-fil i prosjetkdatabasen til LYNET


 

            



 

 

Prosjektet vert fulgt opp ved doktorgradsstudier av Inger E. Måren (Institutt for biologi, Universitetet i Bergen)

Prosjektet vart starta opp av Per Aril Aarrestad ved NINA (norsk institutt for naturforsking) og Vigdis Vandvik ved Institutt for biologi, Universitetet i Bergen.

Kontakt:vigdis.vandvik@bio.uib.no
Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no