Bekjemping
av einstape i kystlynghei
Bekjemping av einstape i vestnorske
kystlyngheier - effekter av slått, knekking
og sprøytemidlene gratil og asulam.
|
Prosjektet
starta på Ytre Lygra i 1997. Einstapen har blitt
eit stort problem i lynghei der den spreiar seg etter lyngsviing.
For å kontrollere einstapen har ein sett på effektar
av slått ein og to gonger i vekstsesongen, knekking
og sprøytemidla gratil og asulam. Etter fleire
år med skjøtsel har ein også studert korleis vegetasjonen
endrar
seg etter sprøyting og slått.
Slått to gonger i året i to år er eit godt
alternativ til å
sprøyte med asulam eller
gratil. Bestanden er redusert
med
meir enn 80% etter 2 år med alle dei tre metodane. Første
slåtten
må vere
i midten av juni når blada foldar seg ut, andre slåtten
6 veker seinare. Sprøyting krevjer oppfølging
med årleg slått eller punktsprøyting. Bådde
asulam og gratil reduserer veksten til enkelte urter og gras
etter
sprøyting,
lyngen ser
ut til
å
auke etter skjøtselstiltaka.
For meir info om prosjektet gå til pdf-fil i prosjektdatabasen til LYNET
|
Prosjektet
vert fulgt opp ved Doktorgradsstudier av Inger
E. Måren (Institutt for biologi,
Universitetet i Bergen)
Prosjektet
vart starta opp av Peter Emil Kaland ved Institutt
for biologi, Universitetet i Bergen, Kristine Ekelund og Vibeke Husby.
Desse er i tillegg knytta til prosjektet:
Inger Elisabeth Måren Instittt for biologi, UiB
Vigdis Vandvik Institutt for biolgi, UiB
Kontakt: inger.maren@@bio.uib.no
|
|