Strilefiskfestivalen 2002.

Familiedag på Lyngheisenteret søndag den 8. september kl.1200-1700.
Eit samarbeid mellom Lyngheisenteret, Lindås Sogelag og Norsk Tradisjonsfisk i samband med Kystsogevekene.

Aktivitetar.

Informasjonsbygget:
Demonstrasjon av tradisjonell konserveringsteknikk.
Representantar frå Norsk Tradisjonsfisk vil synleggjera og informera om tradisjonelle konserveringsteknikkar som var vanleg mellom strilane, m.a. med demonstrasjon av korleis nubbesild, ansjos og boknafisk vart laga.
Smaksprøver og sal av tradisjonsfiskprodukt.
Smaksprøver og sal av bokna lyr og pale, klippfisk og tradisjonelle sildeprodukt. Framifrå festivaltilbod!
Kåseri kl. 1430: Kystkultur og fiske på strilelandet. v/Karl Egil Johansen, HIB.

Tilbod for små og store i Naustvika:
Tradisjonelt fiskeutstyr og garnbøting.
Fjørejakt.
I Naustvika nedenfor Informasjonsbygget vert det barneaktivitetar med demonstrasjon av gamalt fiskeutstyr og garnbøting, jakt på småkryp i fjøra og "prøvefiske" frå tradisjonsbåtar.
Kanskje vert det mogeleg å vera med på notkast på gamlemåten (væratterhald).

Pris (ute og inne): Vaksne kr. 50,-, barn kr. 25,-.

Ellers vanleg søndagsope (1200-1800) med utstilling, film og matservering.


Bakgrunn.
Havet har til alle tider vore ei sikker matkjelde for strilane, og fiske kunne dessuten skaffa kontantar til hushaldet. Landbruket måtte difor tilpassast fiske, og på den måten oppsto lyngheiane langs kysten. Det var landskapet til fiskarbonden. På Lyngheisenteret vert lyngheiane haldne i hevd på tradisjonell måte, for at komande generasjonar skal få oppleva dette landskapet og læra om ressursbruken på kysten.

Før moderne kjøle- og fryseteknologi vart vanleg, var det ei stor utfordring å ta vare på fisken sin kvalitet både med omsyn til smak og næringsinnhald. Kunnskapen om dette hadde stor økonomisk verdi for folk på kysten, men i dag er han i ferd med å gå i gløymeboka. Norsk Tradisjonsfisk er eit landsdekkande prosjekt for å samla inn og føra vidare kunnskap om tradisjonelle metodar for konservering av fisk, for å hindra at denne delen av vår matkultur vert borte.

Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
Webansvarlig: Kristine Ekelund