Opningstider 2008

   Kva skjer ?

   Kart og transport

    Kontakt oss

    Startside

                                


Napoelon i farta !  
Han er den største av grisane, bestemt og nysgjerrig ! 



Napoelon er veldig nysgjerrig på stølvane til jenta. Han ville visst svært gjerne tygge litt på dei !  

 

 
Bølle  - har fått navnet sitt fordi han av og til er litt 'bølletet' og frampå.Har svart flekk rundt begge augene.

Kvifor rotar alltid grisane i  jorda? 

Nasen til grisen er ein av dei mest effektive nasene i dyreriket.  Med ei slik nase kan grisen lett finna  kvar den beste maten er. Med trynet grev  den  i jorda og finn røtter, nøtter og småkryp.

Grisane kan gå inn i fjøset for   kvile og sove. Her har dei det reint og fint. Grisen er eit  rensleg dyr.  Den likar at liggeplassener  rein og tørr.



Krølle - han har svart flekk rundt det eine auge. Er litt meir beskjeden og vil ha kos.

3 SMÅ GRISAR  
På Luregarden har dei no fått 3 små grisar - som er nysgjerrige, lekne og likar litt kos.

Grisane kjem frå Maihaugen - og er ein krysning, der ein har teke vare på gener frå eldre griseraser. 'Norsk variasjon av Landgris'. 
 Den har gråare hud enn den moderne grisen. Nokre  eksemplar har svarte,brune eller  mørke grå flekker. Den er også kortare og rundare i kroppen enn avlsgrisar i dag.


 Den stolte hanen og  alle hønene er naboar med grisane.

 

 

 


Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no