Lyngheisenteret          Forskning             Opplevingar              Undervisning       Kurs & konferanse

   

   

    Opningstider 2009

     Kva skjer ?

     Kart og transport

     Kontakt oss

     Startside

                         Logg inn

Kunst i Stav og Stav i Kunst
 
  29.mars - 1.juni 2009

Utstillinga  handlar om stavkonstruksjonen og om den handlingsborne kunnskapen.

Det er  ei vandreutstilling laga av Ryfylkemuseet i 2008.

Lyngheisenteret har vore heldig å fått denne utstillinga hit i år og den vil stå hos oss  fram til 1.juni  


Det er ei utstilling der me ønskjer å opna auga til folk flest for denne flotte lokale byggeskikken. 
Gjennom, tekst, foto og modellar fortel me om ein byggeskikk som er i ein rundt 4000 år gamal tradisjon.

 Gjennom ein handlingsboren kunnskap har han overlevd fram til i dag, og framleis er her tradisjonsberarar blant oss som kan læra han vidare. Dei siste tusen åra har han vore ein typisk vestnorsk byggeskikk, og både i Ryfylke og i Hordaland og Nordhordland  er han framleis ein viktig del av vårt kulturlandskap. 

Spørsmålet er om han har ei framtid?


Me håper aktivitetane i utstillinga skal inspirera barn og unge, og at resultatet av det heile blir at fleire ser verdien av å ta vare på bygningsarven, og vil vera med på å vidareutvikla han, slik at me også i moderne tid kan vera i stand til å bygga stavbygde hus.

 

Utstillinga er lagt opp som vandreutstilling. Interesserte arrangørar kan melda seg.

Ide, design, prosjektleiing: Grete Holmboe

Biletvev: Else Moe Schmidt

Grafisk design Rønnaug: Foss Alsvik

Foto: Andreas Kalvig Andersson, Anne Lise Nordheim, Helge Schjelderup og Ryfylkemuseet

Informasjon: Trond Løken, Helge Schjelderup
Informantar og tradisjonsberarar: Bjørn Sandvik og Kjell Solheim
Modellar: Kjell Johnsen og Sven Hoftun

Kunst i Stav og stav i Kunst visast på Lyngheisenteret i Hordaland 29.3 - 1.6.2009

Kunst i Stav og stav i Kunst Stavanger Kunstforening 13.9. - 4.10.2009

Kunst i Stav og stav i Kunst Haugalandmuseene Haugesund 8.10.-20.12.2009
 

 
Frå Utstillinga ved Ryfylkemuseet 


Biletvev av Else Moe Schmidt
Foto: Ryfylkemuseet

Tekstilkunstnaren Else Moe Schmidt brukar sine vevde tepper til å synleggjera bodskapen om å ta vare uteløene og vår lokale byggetradisjon. Frå hytta si i Kvildal har ho utsyn til fleire løer som har inspirert ho i dette arbeidet. Her hentar ho plantar, mose og lav til å farge garnet med, og her trer ho trådar i veven slik kvinner har gjort i tusen av år før ho. I eit av bileta sine brukar kunstnaren liner frå noen av Kolbein Falkeid sine dikt, som understrekar bodskapen om husa som ramer rundt det levde liv og røtene våre.

Gjennom kunst og kvinnehandverk ønskjer me å nå i grupper som kanskje ikkje i første omgang ville kasta auga på eit manns dominert fagområde. 

Ryfylkemuseet 
Bannertekst til utstillinga

 

  

Stiftinga Lyngheisenteret
Lygra,5912 SEIM
www.lyngheisenteret.no
TLF: 56 35 64 10
FAX: 56 35 64 20
post@lyngheisenteret.no
 
Museumssenteret i Hordaland 
Tlf. 55251080
post@salhus.net