15.2.2011:
Premiere på Filmen: "Kunsten å brenne lyng"
Premieren
blir 6 eller 7 april 2011 i kinosalen på
Lyngheisenteret.
Dette skjer i samband med at Direktoratet
For Naturforvaltning
skal ha ei fagsamling på
Lyngheisenteret om iverksetting av handlingsplaner
for slåttemark og kystlynghei.
Her er link til ein liten snutt av filmen KUNSTEN Å
BRENNE LYNG. Denne
finn ein her : www.ovreas.no/lyngsnutt.html
6.01.11:
Filmen: "Kunsten å brenne lyng"
Embla
Film v/
Anne Magnussen og Mons Kvamme har laga
ein fagfilm /
undervisingsfilm om lyngbrenning. Filmen er no snart
klar til premiere.
Filme vart omtala i NRK Møre og Romsdal radio
5.1.11 http://www.nrk.no/nett-tv/kategori/2012/

5.4.2009:
Embla
Film v/
Anne Magnussen og Mons Kvamme er i gang med å lage ein fagfilm /
undervisingsfilm om lyngbrenning. I 2009 og 2010
var dei på
Lyngheisenteret og gjorde opptak. Planen er å
gjere ferdig filmen dette året slik at den er
klar til distribusjon neste år.
Det mangler desverre enno litt på slutt finansieringa
av filmen, men ein jobber med å få inn fleire
sponsorer.
Behovet
for praktisk informasjon om lyngbrenning er
aukande i takt med gjengroing og auka
bevisstgjering om kulturlandskapet. Målet
med informasjonsvideoen er at folk skal vera
i stand til å brenne lyng og kratt på en trygg måte.
Målgruppe er Grunneiere,
bønder, landskapsforvaltere, landbrukskontor,
jordbruksskoler, brannvesen m.fl
Mons
Kvamme er biolog og ein av landets fremste ekspert
på brenning av lyngheier som landskapspleie. Han er
sentral i fagmiljøet rundt Lyngheisenteret, og han har
vært ein pådriver i arbeidet med lyngbrenning. Han har
i mange år samla kunnskap frå gamle folk som hadde
lyngbrenning som ein naturleg del av gårdsdrifta Han
deltar som einaste norske representant i internasjonale
fora der ein diskuterer brenning som tradisjonell
og moderne landskapspleie. Mons Kvamme er ein etterspurd
forelesar og lærer i denne nesten gløymde tradisjonen.
Sjølv om han held kurs kvar vår,
klarer han ikkje å dekke etterspørselen.
EMBLA
FILM AS
Info: http://www.emblafilm.no/
Embla
FIlm har m.a. produsert filmen 'Villsauen, reven og
kjærligheten" på NRK.' Dette er en feel-good
dokumentar om Hilde Buer som sa opp sin godt betalte
jobb og flyttet til øya Grøneng for å drive med
villsau. Filmen ble vist på NRK høsten 2005. 591.000
seere så programmet og det har kommet mange positive
tilbakemeldinger.'
|